

by Steinar Skartland · 12. januar 2020
LioVel hadde også dette året invitert til «Juletrebrenning på leikeplassen mellom Liofelta i Vikebygd, laurdag 11. januar. Men med stiv kuling og regn vassrett, måtte arrangementet flyttast til dagen derpå: Søndag 12. januar.
Styret ville ikkje laga bålrøyk i bygda på søndagen, men samla inn juletre frå alle som ville kvitta seg med eit. Så vart det arrangert juletrekasting i staden. Lite tre for dei minste og stort tre for dei vaksne, og mange ville delta.
På leikeplassen var det fyr i bålpanna og under taket på leikeplassen vart det kokt kakao og steikt lappar. 35-40 av bygda sine born og vaksne kom saman for å kosa seg saman og finna på noko kjekt. Og denne søndagen var vêret på arrangørane si side. Litt solgløtt og stilt var det då dei samlast klokka to på ettermiddagen og fram til dei fleste gjekk heim nærare klokka fire.
Og skulle nokon lura på bålreglane, så kan dei lesa meir på Vindafjord kommune si nettside.
No events are found.
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar