

by Steinar Skartland · 1. mars 2019
-Hjertestarteren er tilbake på plass igjen, kunne Inger Kathrine Sundve fortelja på Facebook 11. mars, og legg til: -Eg kjem til å vere innom kvar veke for å sjekke at den virkar, ikke berre stole på det grøne lyset som eigentleg skal indikere at alt er i orden.
Søndag 3.3. arrangerte Vikebuen førstehjelpskurs i Vikebygd. Det var ikkje fleire enn 7 deltakarar, og me skulle gjerne vore fleire, fortel Inger Kathrine Sundve.
– I samanheng med kurset vart hjertestartaren på Joker sjekka. Trass i at både batterier og varsellampe tilseier at alt er i orden, så virkar den ikkje. Den er derfor teken inn for å få orden på dette, fortel ho vidare.
Vikebuen kjøpte i 2012 inn ein hjartestartar som vart plassert på veggen utanfor Joker-butikken i Vikebygd. Tanken er at han skal vera mest mogeleg tilgjengeleg dersom det nokon gang skulle bli behov for å nytta den.
Butikken er ein sentral stad i bygda. Der vart det hengt opp eit skap som til å plassera hjartestartaren i, noko butikken tok rekninga med. Skapet er utstyrt med alarm som hyler om nokon opnar det, men dei som skal henta ut hjartestartaren – f.eks til Vikeputten, låner ein nøkkel til skapet for å ikkje uløysa alarmen.
Nå er ikkje 7 år nokon alder for ein hjartestartar. Ute er den nok utsett for både fuktigheit og temperatursvingingar, men montert i eit skap slik som her, så skulle det vore godt nok. Normalt skal batteria skiftast kvar tredje – fjerde år på portable hjertestartarar, som er ei ordinær driftstid.
Les meir om hjeartestartarar på Røde Kors si webside .
No events are found.
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar