

by Steinar Skartland · 18. januar 2019
Rolf Alne, som fortida oppheld seg i Kenya, tok turen frå Ukunda over til nabolandet Tanzania og hadde med seg Roald Årvik si bok om Vikebygd.
(Informasjon og bilete: Rolf Alne, via whatsup frå Tanzania 12.1.2019).
-Eg har vore på besøk hos Inger Astrid Nagel-Alne (som kjem frå Vikebygd) og, Hans Inge Corneliussen, fortel Rolf.
-Hans Inge jobbar på den norske ambasaden i Dar es Salaam. Her overleverte eg boka som Roald ga ut til jul. Kult at boka hans hamna i Tanzania, seier Rolf og legg til: – Dei var veldig glade for den.
Rolf fortel vidare at han er på ferie tur til Tanzania saman med kona, Nancy. Ho er frå ein liten by som heiter Ukunda og ligg like ved Diani Beach, rett utanfor Mombasa, aust i Kenya. Bileta han har sendt frå hotellet og stranda i Dar es Salaam tyder på at det må vera ein flott stad å feriera. Frå Ukunda i Kenya til Dar es Salaam i Tanzania er det omlag 48 mil på veg, eller ein kan reisa med fly.
For dei som blir frista til ein tur til Kenya så er det mogeleg å få flybillettar til under 4000 kr pr person, tur retur Oslo-Nairobi.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar