

by Steinar Skartland · 6. januar 2019
Birge Nagel Alne frå Vikebygd fekk kulturstipend på 30.000 kr for 2018, frå Vindafjord kommune. For tida går han på kombinert studieførebuande og idrettslinje på toppidrettsgymnasiet i Bergen.
Birge spelar på U19 og trenar med elitelaget til Frøya i basketball. Målet hans er å satsa vidare på basketball og idrett.
Torstein og Solveig Haugen fekk Omsorgs- og inkluderingsprisen for sitt arbeid for å integrere flytningar. I tillegg til samvær og aktivitetar på kyrkjetunet har dei delt ut jordlappar på garden sin i Ølen slik at innvandrarar kan få aktivisere seg med å dyrke poteter og grønnsaker, noko dei er vane med frå heimlanda. Dei har også bakgrunn frå misjonærarbeid og det var naturleg for dei å engasjere seg med integrering av flykningar som kom til kommunen vår.
I tillegg vart Moa Hundseid og Bjørn Kjetil Skipevåg heidra for framifrå prestasjonar i 2018 – henholdsvis bestigning av Mount Everest (8848 moh) og norgesmester i felthurtigskyting under landsskyttarstevne.
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, samt rådmann Yngve Folven Bergesen og ordførar Ole Johan Vierdal fine talar om tida som var i 2018, og om korleis dei trur det kjem til å bli i 2019.
Kvelden vart avslutta med eit utruleg spennande foredrag av Moa Hundseid. Ho fortalte og viste bilete/video frå turar hadde gjort fram mot turen til verda sitt tak – Mount Everest.
Kvelden var krydra med musikalsk krydder frå kulturskulelærarane Venevill Birkelund og Einar Bakke.
Les meir om dette i måndagsutgåva av Grannar.
–
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar