JULEMESSA Vikebygd Bygdahus 24.11.2018
Ei nesten tradisjonell julemesse som fekk ut folk frå dei fleste hus og hytter. Mange salsbord med heimelage ting som folk kunne kjøpa til julegåver eller til seg sjølv. Kafé med gode kaker, utlodding med mange flotte gevinstar (som utstillarane hadde gjeve ein kvar av) og ikkje minst: Årets Vikebuar 2018.
Denne gongen var det ikkje korpset som vart introdusert av Aud Jorunn Tordal som representerer styret i laget Vikebuen. Kva høver ikkje betre når arrangøren er eit lag av berre kvinner, å opna med song av to kvinner busett i Vikebygd? Sandra-Marie Bjørnset Sælemy og Cathrine Hamre Tindeland framførte to nummer til musikk av Arne Tveit: Himmel på jord og Nå er den hellige timen.
Salen var fullsett og etter opninga kunne folk strøyma til seljarane som viste fram det dei hadde laga gjennom nitidig handarbeid gjennom eit heilt år. Andre hadde nok hatt aktiviteten kort tid i førevegen med å baka og steika. Her var noko for både augene og magen.
Solveig Hortman presenterte Vikebuen sine nye idear for å få folk ut på tur og til å lesa bøker. Dei vil setja ut nokre «Tunkassar» for dei som ikkje vil gå heilt opp på dei høgaste nutane. Så kunne ein kanskje setja ein kopp inni kassen om det høvde for dei som kom forbi å koma inn på kaffi?
Solveig presenterte også ein annan ide. -Mange har bøker ståande i bokylla, som dei har lest. Vikebuen har fått laga nokre «bokskap» utforma som ei ku. Den vil dei setja ut nokre stader, så kan dei som har utleste bøker plassera dei her, og gjerne ta med seg ei bok for å lesa den, om dei finn ei inni kua.
Både KUlest og TUNkassane er laga på Gnisten i Sandeid.
Først i slutten av dagen, etter trekking og utlevering av mange flotte gevinstar, var det tid for å openberra kven som fekk ærestittelen: Årets Vikebu 2018. Denne gongen var det ikkje ein, men mange Årets Vikebuar.
Les meir om grunngjevinga og kven dei er, her.
Julemessene: 2017 2016 2015 2014 2013 2012
dd
Nye kommentarar