

by Steinar Skartland · 22. oktober 2017
I solskin og vind gjekk 8 vikebuar med bøsser og banka på alle dørene i bygda 22. oktober, i tillegg til dei to som stod for organiseringa. Alle vart godt mottekne, og var det nokon som ikkje hadde kontantar eller som ikkje var heime, så fekk dei ein lapp med kontonummer og VIPPS nummer for å kunna senda pengar elektronisk. Pengane skulle alle gå til TV-aksjonen med Unicef som mottakar og til deira arbeid for at born og unge i krigsområde skal få skulegong. I heile Vindafjord kom det inn ca. kr 250.000, i dei 114 bøssene. Totalt var nær 130 personar i aktivitet med innsamling, organisering og oppteljing. Vi kan berre retta ei stor takk til alle som deltok og alle som ga. Ikkje alt blir registrert i oppteljinga. Totalt i Vindafjord kom et inn kr 250.085 i bøssene og med andre registrerte bidrag er totalen kr 366.162. Ein reknar med at dette stig noko utover. |
![]() To av eldsjelene i arbeidet med aksjonen lokalt er Jon Olav Velde og Magne Christiansen (banksjef i SR-bank), som saman med lokale innsamlingskontaktar i kommunekomiteen og medhjelparar frå banken, stod for oppteljinga søndag kveld. |
|
Dei innsamla pengane skal gi barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan tilgong på læring. Eit av fem barn i krig- og konfliktområde står i dag utan skulegong. Unicef jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av dei vaksne sine krigar og konfliktar. Skulegong gir born som lever i konfliktområde ein moglegheit til å læra, leika og vera saman. På sikt bidrar utdanning til å byggja opp att samfunn og gi håp for framtida. Aksjonskomiteen vil takke for godt samarbeid og god hjelp frå frivillige til komitearbeid og som bøssebærar. Følg med i kor mykje som kjem inn, her. Les meir her |
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar