Godt besøkt julemesse i Vikebygd laurdag 25.11.
Korpset fekk også i år æra av å opna julemessa på bygdahuset med fleire musikkstykke under leiing av dirigent Andreas Ulveraker, etter at Aud Jorunn Tordal frå laget Vikebuen hadde hatt sin velkomsttale og opna julemessa. Og godt med folk var det som kom for å kjøpa julegåver, risgraut eller berre for å rala med andre vikebuar. Det var fullt rundt borda både i både store salen og i litlesalen, der det var kafé. Rekord-mange salsbord var det med 32 utstillarar.
Årets Vikebu
Dei som venta spent på kven som var kåra til Årets Vikebu 2017, fekk ei lang venting. Først klokka halv fire skulle det offentleggjerast. And the winner is …. the one and only: Rune Hetland. Bjoabuen som fann kjærleiken i Vikebygd og slo seg ned her.
Aktiv i idrettslaget, som tidlegare spelar på Bjoa-laget då dette var i 4. divisjon. I Vikebygd har han engasjert seg i mykje. Lokalpolitikken både før
og nå. Grendautvalet og som ein pådrivar for det meste.
Les meir om grunngjevinga og prisen her.
Utstillarane
Mange av utstillarane kjem år etter år med sine handarbeid, treskjeringar eller lefser. Men i år var det også fleire som kom for første gong.
Palina Yermakova var her for første gong. Etter at ho flytta til Vaka for eit år sidan. Med hjelp av mora hadde ho laga dukker, dekorerte peparkaker, englar og juledekorasjonar som ho denne dagen ville selja til vikebuane. Ho heldt på med dette som hobby. Det var fine og forseg gjorde ting, så eg lurte på om ho hadde gått kurs eller på skule for å læra. Men nei, -eg har sett på youtube filmar om å lage slike ting og lært med det der, svara ho.
Lefsebakaren bakaren Jan Arne Tjomsland
Ute i klubblokala var det fleire som selde kaker, lefser og anna mat. Mellom dei var den pensjonerte bakaren Jan Arne Tjomsland frå Tysvær, som tradisjonen tru stilte opp på julemessa med sine lefser og flattbrød.
På den eine plakaten hans står: Flatbrød, Bakt eter gammel resept av Alma fra Hovin (Sør-Trøndelag). -Korleis har du fått tak i den oppskrifta, undrast eg, og som ei spesiell historie.
-Ho er ikkje eigentleg frå Hovin. Ho er frå Imsland, fortel Jan Arne. -Helgesen heiter ho eigentleg. Han hadde aldri treft henne og visste heller ikkje kven ho var.
-Eg fekk oppskrifta av barnebarnet til Alma for nokre år sidan, -Men ein dag var det eit stykke om meg og lefsene i Haugesunds Avis, og ein kveld så ringte telefonen. Det var eit damemenneske.
-Du kjenne ikkje meg, sa no.
-Nei, eg kjenne ikkje stemma di.
-Jo, eg er Alma ifrå Hoven, sa ho. Alma var ifrå Imsland, men hadde flytta til Trøndelag og budd der lenge i Hovin. Så hadde ho vore på heimplassen i Imsland på besøk og sett stykket i avisa. Men han fekk lov å bruka namnet og resepten som han hadde fått av barnebarnet til Alma.
Og flatbrøda var svæt gode og sprøare enn mange andre sorter.
-Dei er så tynne at du kan lesa avisa gjennom dei, skryte Jan Arne Tjomsland, som tok til med lefsebaking heime i huset sitt i Frakkagjerd etter at han pensjonerte seg frå bakaryrket.
-Eg reiser rundt på messer i heile distriktet. Våren og sommaren brukar eg å ha bod på torget i Haugesund og selja der, fortel han.
Les meir om Jan Arne Tjomsland her
Villsau som julemat
Ute i klubblokalet hadde også Dag Nagel-Alne benka seg. Ha n er kjend for å halda villsau på Alna. Når sauene er slakta har han tatt heim kjøt og gjort klar for pinnakjøt til julemiddag. Dette var fylt i ein fryseboks på salsboda. Smaksprøvar var det og for dei som ville prøva kjøtet.
Han passa godt inn i lag med lefesbakar, tjukkasbakeriet frå Naustvika og Gamlatunet sine produkt.
Geit- og hjortepølse frå Gamlatunet
Jakob Rødde med geit- og hjortepølse, og flasker med saft av Aroniebær. Merka med etikett frå Gamlatunet.
Like innafor døra i storesalen hadde Cathrine Tindeland og Marianne Bådsvik benka seg med sal av dørkransar, julepynt, jødekaker og potetkaker.
h
Nye kommentarar