Basar på bedehuset
Basar på bedehuset
Laurdag 25. mars var den årlege basaren på bedehuset i Vikebygd. Frå klokka tre var det sal av lapskaus for dei som ville ha middagen sin her. Kjøkkensjefen var Dag Nagel Alne, som hadde kokt lapskaus med lokalt sauekjøt. Den smakte godt og fekk skryt av mange.
Klokka fire var det tid for eit lite årsmøte for bedehuset. Årsmelding, rekneskap og val på styre. I hovedsak attval.
Høgare straumprisar har medvirka til eit underskot. Bedehuset har noko pengar på bok, men dei toler ikkje mange år med underskot, kunne kasseraren konstatera. Årsmeldinga fortalde at aktiviteten er komen i gong igjen etter pandemien. Dugnad har vore med på å halda huset i stand, men dei treng basar, gåver og tilskott for å dekka utgiftene som følgjer med det å eiga eit hus.
Så var det tid for sjølve basaren, med allsong, andakt av Kjersti Bjerga, loddsal og drøs rundt borda, før trekking. Både av åresal og loddsal i bøkene. Mange gevinstar var det, men likevel litt annleis enn før i tida. Då var veggene fulle av handarbeid. Det er det mindre av nå. Færre foreiningsdamer som strikkar, broderer og syr til inntekt for misjonen eller til bedehusbasaren. Då vert det meir kjøpeting, eller gevinstar som fleire lokale verksemder hadde gjeve. Men ein type gevinst er ein tradisjon ennå. Fruktkorg som siste gevinst. Denne gongen var det til og med to. Og mange kunne ta med seg eit eller anna heim denne kvelden. Om ikkje ein gevinst så io allefall ein ettermiddag i godt lag og med god middag.
Det er kjekt med basar. Folk i alle aldrar kunne vera med og hygga seg saman. Men kanskje ikkje like mange som før i tida, kunne ein og annan mimra om. Då sat dei fullt både i salen og på galleriet.
Nye kommentarar