Mange nutatravarar i Vikebygd i fjor!
Nesten 70 personar var innom alle seks nutane i nutaopplegget til Vikebygdspeidarane i fjor, og over tusen nuteringar har det vore i 2021. No har speidarane lagt ut alle bøkene, så det er berre å ta beina fatt i dei flott fjella våre i ein ny sesong 2022!
Flest nuteringar i 2021
Flest nutar og flest poeng fekk Anne Wenche Vik foran Øyvind Valen og Jon Magne Svendsbø. Ungdomsstaven blei vunne av Ella Julsrud føre broren Reiar Julsrud.
For Anne Wenche sin del var det tredje gongen ho vann, så no er staven hennar til odel og eige.
Alle nutane 20 år
Åge Holsbrekken og Heidi Owe går inn i ei eksklusiv gruppe på 10 personar som har vore på alle nutane 20 år.
Sondre Maurangsnes og Martin Nesse får ei ekstra markering fordi dei no har gjort dette i 10 år.
Heile 8 personar fekk dette året ein trekopp som markering av at dei hadde nådd alle toppane 5 år. Ei komplett liste kan leggjast ut på vikebygd.org om nokre dagar. ( Liste over registreringane i Nutakassane 2021 )
20 år på topp
Heidi Owe er også i den eksklusive gruppa på 10 personar som har vore på alle nutane 20 år. Dei andre som har 20-25 år med alle nutane gjennom tidene er:
Åge Holsbrekken
Einar Martinsen
Einar Marius Hj. Martinsen
Lars Maurangsnes
Heidi Owe
Line Merete Owe
Johan Owe
Steinar Skartland
Else Tengesdal Valen
Øyvind Valen
Frå 1998 er det no 243 personar på lista.
I 2021 var det 67 som sendte inn skjema og var på alle toppane.
Nye kommentarar