Stort engasjement for skulen
Då kommunen arrangerte informasjonsmøte i Vikebygd om barnehage- og skulebruksplanen, møtte nær 170 personar på bygdahuset. Her var alle aldrar og stort engasjement frå mange som hadde førebudd seg godt. Før ordførar og kommunedirektør fekk sleppa til så hadde borna eit opptrinn med plakatar og allsong om det flotte med bygda. Dei tok regien på innleiinga av møtet.
Ordførar Vierdal fekk så sleppa til med å opna møtet. Han understreka at det ikkje er gjort noko vedtak ennå. Alle kan lesa utgreiing, rapportar og tilråding på Vindafjord kommune sine web-sider, og gjerne senda inn sitt høyringssvar. Men det må sendast inn skriftleg innan fristen. Alle høyringssvar vil følgja saka når den vert lagt fram til politisk drøfting og vedtak i kommunestyret, og før det i utval og formannskap.
Du kan også sjå Planframlegget frå kommunedirektøren til barnehage- og skulebruksplan her i digitalt webformat.
Petter Steen tok over som møteleiar.
Sjølv om han er 1/8 vikebu og lærarutdanna, så må han vel reknast som habil og nøytral i saka.
Ordføraren ga så ordet til Petter Steen som tok over som møteleiar. Petter Steen som er frå Haugesund, har lang fartstid m.a. som ordførar i Haugesund og som lærar. Nå er han tilsett i Sveio kommune. Så sjølv om han er 1/8 vikebu, så må han vel reknast som habil og nøytral i saka.
Petter Steen ga ordet vidare til kommunedirektør Yngve Folven Bergersen som informerte om dei ulike alternativa i utgreiinga, der han konkluderer med ei mellombels tilråding på alternativ 1. Dette går i store trekk ut på å byggja ein felles ungdomsskule i Ølen og å sitja igjen med tre 1-7 skular i Skjold, Vikedal og Ølen. Vidare skal det vera tre kommunale barnehagar og tre private barnehagar. Det er også lagt fram tre andre alternativ, og sjølvsagt kan kommunestyret leggja fram sine alternative framlegg. Petter Steen styrte møtet godt, og sjølv med mange godt førebudde innlegg, så losa han møtet i hamn berre litt over den fastsette tida.
Mange godt førebudde innlegg
Det var mange som ville ha ordet og i Vikebygd har fleire arbeidsgrupper jobba med å finna gode argument og fagleg underbygging av desse, for å halda på skule og barnehagen. Noko dei som uttala seg var tydelege på var viktig for å ha ei levande bygd og for å få tilflytting av unge familiar.
Roald Årvik hadde med seg ei liste med namn på ei lang rekkje unge som kan tenkja seg å flytta tilbake til bygda, men ser på tilgong på attraktive tomter, skule og barnehage, som viktig dersom dei skal gjera det valet, vart det sagt av fleire.
Gunnar Birkeland føreslo å setja av 10-15 millionar av overskottet frå i fjor til marknadsføring for å få auka tilflyttinga og folkeveksten i kommunen. Og det treng både bygda og kommunen. Bygging av positivt omdøme der alle talar vel om bygda og fokuserer på framtidstru, er viktig. Uro rundt skule og barnehage kan virka negativt i den samanhengen.
I Vikebygd var det også ein del skuleborn med på møtet. Fleire av dei hadde førebudd spørsmål til kommunedirektøren og fekk mikrofonen i tur og orden. Det var tydeleg at dei hadde førebudd seg godt og kunne avsløra at dei hadde fått med seg kommunedirektøren i baksetet på ein bil gjennom bygda. Dei hadde også jobba med å laga ei avis om temaet «Våre meiningar og tankar». I tillegg til bakseteintervjuet med kommunedirektøren så var her intervju med folk på bygda og presentasjon av utfordringar med skulevegen.
I slutten av møtet fekk ordføraren ei bunke med aviser av skuleborna, slik at alle i kommunestyret kunne få kvar sitt eksemplar til å lesa i.
Så må vi vel seia at Vikebygd i dette møtet absolutt viste seg som ei levande bygd med kreativitet og vilje til å stå på for skule, barnehage, bygda og framtida. Vonaleg vil dette store engasjementet også føra til at bygda gjer seg endå meir bemerka utad slik at også fleire familiar vel å slå seg ned her. Og kanskje fleire verksemder vil finna vegen til etablering på industriområdet på Dommarsnes? Då treng vi skule og barnehage.
Nye kommentarar