Songen om bonden – med Alice, Sandra, Kjetil, Cathrine, Lauritz, Hilde, Undine og Alida
Endeleg var dagen der då den nystarta revygruppa i Vikebygd skulle ha sin første premiere og presentere #VIKEBYGD.LATTER . Fleire har hatt deby på scenen før i ulike scetsjar. Saman utgjorde dei eit team som fekk fram latter og applaus gong på gong.
Her var fleire gode songframføringar med tekstar dei sjølv hadde laga og skuespel som fekk fram kjende situasjonar og personar i bygda. Alt med skjemt og utan at nokon trong å kjenna seg ille til mote om dei vart parodierte. Men mest stod dei fram og parodierte seg sjølv med sine eigne namn.
Klubb i bygda med vaksne damer – Dei spela seg sjølv og la ikkje sjul på sine eigne interesser frå kvardagen. Ikkje tvil om at Hilde var oppteken av sau i det aller meste. Alice fekk gjennom heile revyen dokumentera det som skjedde med mobil på Selfie stang. Og dei klarte å koordinera situasjonen på scenen – identisk med bileta som «ho la ut» på to store skjermar. Me lo og me klappa.
Å gå på tur og klatra over gjerdeklyvarane, kan vera ei utfordring for dei som tydeligvis ikkje gjer det så ofte. Ein dytt bak måtte til.
Dei kom over, men kom dei seg til fjells?
Mannen bak revygruppa, Rolf Jørgen Julsrud, var ikkje på scenen, men hadde kontroll på lyd og lys frå styrepultane bak i salen, saman med Ingeborg Owe og Even Larsen.
Når «varaordføraren» med lysande kjede kalla inn til bygdamøte med ei sak: Korleis vi skal få fleire born i bygda, mangla det ikkje på kreative forslag. Kjetil hadde mest tru på å hoppa i høyet. Dei fotballinteresserte såg helst for seg å adoptera born frå Brasil til forballaget. Også butikkeigaren var aktiv i diskusjonen, sjølv om ho kom litt seint etter å ha teke seg av vareleveransar – som kanskje ikkje var heilt som forventa? Godt spela og med gode lokale poeng.
Vind i håret og fart i avslutningssongen. Vel blåst og godt gjennomført i heile revyen. Alida, Cathrine, Alice, Kjetil, Sandra, Hilde og Undine.
To godt vaksne herremenn på sykkeltur. Lauritz med moderne utstyr frå topp til tå og Kjetil med sin gamle racer frå 70 talet. Forviklingar vart det då Lauritz la ut om pinnen sin som kun var for profesjonelle. Latteren runga i salen under diskusjonane mellom dei to karane. Men til slutt var det kanskje den eldste sykkelen som fungerte best? -Utstyrt med påmontert oljekanne.
Jenter på tur i campingvogn fekk fram mange gulllkorn der fire vaksne skulle overnatta i ei lita vogn. Hilde sverga til å skaffa mat med fiskestonga, men enda med kraftige myggbitt, dei største vi har sett. Alt vart foreviga av Alice sin mobil og hamna på web med fiffige kommentartekstar.
Catrine og Sandra med song om 17. mai, til melodien frå Knutsen og Ludvigsen. Dei takka for flaggheis på fjellet og foreslo taubane når Roald ikkje lengre ville gå turen om morgonen.
Me hadde det løye. Mest full sal klokka 14 og utselt på kveldsforestillinga. Vi kan ikkje anna å takka revygjengen for ein god revy og at vi fekk sjangsen til å le oss skakke av livet i bygda. Me gler oss til neste revy allereie.
Førestillinga på dagtid trekte omlag 150 og på kvelden 200 med billett.
Les også: Klar for revy
Nye kommentarar