Ut på tur – Koronatiltak
Koronatiltak – Ut på tur i Vindafjord 2020.
– Etter at kommunen si brosjyre «Ut på tur i Vindafjord» gjekk i trykken har sentrale styresmakter sendt ut melding om at me nå ikkje skal røre turkassar, turbøker og kodekort, skriv Vindafjord kommune på si webside.
– Me oppmodar alle til å bli med på denne dugnaden om ikkje å skrive seg inn i alle dei ulike turbøkene som er utplassert i kommunen.
«Ut på tur 2020 i Vindafjord» har difor ikkje lagt bøker i turkassane. Du finn kodeord og TellTur-kode på klistermerke som er plassert utanpå turkassen.
Kommunen oppmodar til å nytta appen Norgeskart friluftsliv til turregistreringa. Appen slår ut på gps-posisjon og registrere turen når du er innan 50 m frå turmålet, og du slepp å bruke kode i det heile. Appen er gratis å bruke.
God tur!
Last ned tur-brosjyra på denne linken.
————————————————————————————————————-
Kva så med dei lokale nutakassane – sett ut av speidaren?
Else Valen la ut følgjande på Facebook (Oppslagstavle for Vikebygd) den 17. mars:
NUTAKASSAR
Me er heldige i Vikebygd, og har fjella nesten for oss sjølve når me går tur. Men å unngå kontakt med dei du møte gjeld her og!
Likevel er det greit å tenkje på smittekjelder:
Innskriving i nutaboka:
Her må kvar enkelt ta ansvar for at ein sjølv unngår evt. smitte.
- Du kan bruke hanskar.
- Du kan ta bilete og sende til meg? ?
Helsing Else Valen, 90860810.
God tur☺️
Nye kommentarar