Vossasvingen opna i isande vind av ordførar Vierdal.
Det var omlag 100 som møtte fram i ein isande vind då den nye vegen med sykkel og gangsti høgtideleg skulle opnast klokka 18, onsdag 23. januar. Her var både born og vaksne med og kunne gle seg over at ein trafikkfarleg del av vegen i bygda nå var blitt trygg for alle, og spesielt born, syklande og gåande.
(Info og foto frå: Roald Årvik)
Når det skjer noko i Vikebygd, så skal det vera spesielt og på vikebuen sin måte. Derfor var det ikkje kniv eller saks som orføraren skulle nytta i opninga, men snora vart brunnen av på eit lite bål oppi ein grill. Ordføraren måtte sjølv tenna denne. Og sidan han klarte å tenna grillen i den kalde vinden, fekk han eit speidarskjerf i gåve frå speidarsjef Håvard Tveit.
Vegprosjektet som det har vore arbeida for i 20 år før det endeleg lukkast, betyr tryggare skuleveg for borna og ikkje minst tryggare veg til fritidsaktivitetar. Ved vegen ligg Speidarloftet. Her samlas mange born og unge til speidaraktivitetar kvar veke. Då er det ikkje utan grunn at speidarane møtte mannsterke opp for å delta i markeringa ved opninga av vegen.
Saman med speidarane stilte også korpset opp med hornmusikk. Og her var representantar frå entreprenøren, Tveit Maskin, Statens Vegvesen, Vindafjord kommune, media, grendautvalet mange bygdafolk.
Leiaren i Grendautvalet, Solveig Hortman, skreiv etter opninga på facebook:
«For en ettermiddag – ?
ny veg er åpnet . HURRA.
TAKK til alle som kom.
TAKK til Tveit Maskin (Toralv) for kake og pølser.
TAKK til speiderne for varme og kakao
TAKK til dere alle som har jobbet i 20 år for at vegen skulle bli bli trafikksikker. Dere er BEST? «
INVITASJONEN PÅ FØREHAND
INVITASJON TIL OPNINGA AV VOSSASVINGEN
Endeleg er vegen klar til opning. -Bli med, dette blir skåi! seier Solveig Hortman, leiar i Grendautvalet som er kjempeglad for at vegen endeleg kan opnast etter minst 20 års diskusjon.
-Korpset kjem, ordføraren kjem, alle speidarane kjem, Tveit Maskin kjem, Statens Vegvesen kjem, Vindafjord kommune kjem, media kjem, Grendautvalet kjem, og alle bygdafolk kjem.
Nye kommentarar