Brente Juletrea på leikeplassen
Jula er over for denne gong. Pynten pakka ned og juletreet kasta ut, for dei som ikkje har vald plast tre. Tradisjonen tru inviterte Lio Vel til arrangement på leikeplassen med bål laga av utbrukte juletre.
Regnet sila ned, men ein 25 store og små hadde samla seg. Nokre varma seg ved bålet og held varmen i gong, andre hadde sessa seg under uteplassen som i fjor fekk tak over seg. Her vanka det kakao, lapper og julekaker til dei som deltok. Dekka av inngongsbilletten som var 50 kr pr juletre som skulle brennast.
Endå eit godt tiltak for å skapa samhald og fellesskap i bygda, men vêret gjorde nok sitt til at det ikkje kom så mange denne gongen. Eller var det kanskje for mange plast-tre i bruk?
Nye kommentarar