![R190209-Teater2504 R190209-Teater2504](https://usercontent.one/wp/vikebygd.org/wp-content/gallery/ungdomsteateret/thumbs/thumbs_R190209-Teater2504.jpg)
Nutabøkene er samla inn.
Nutabøkene til speidaren blei samla inn søndag 28.10.18.
-Det blei ikkje «Hardhaus» i år med alle toppane på ein dag, men det var annonsert eit tilbud om å gå ein runde på enten toppane i sørafjellet eller nordafjellet, fortel Arne Tveit.
-I sør var me 8 stk som hadde ein runde frå Bjordal til Ulserhaug, Sætrafjell og Bårefjell, ein kjempeflott tur i eit fantastisk haustver.
På toppane i nord var det litt mindre deltaking, og Øyvind Valen gjennomførte her turen åleine.
Nye kommentarar