Kven vil du føreslå til: Omsorgs- og inkluderingsprisen? Les her:
Prisar og stipend 2018.
Vindafjord kommune kan kvart år dele ut omsorg- og inkluderingsprise og ber om framlegg til kandidatar. Kulturstipend kan også delast ut kvar år, men her må ungdomane sjølve søkje.
Omsorgs- og inkluderingspris
Kan delast ut til einskildpersonar, lag eller organisasjonar og i særlege høve bedrifter som på ein positiv måte har bidrege gjennom frivillig arbeid til å gje medmenneske respekt, eit meiningsfult og verdig liv. Dette kan vera gjennom arbeid og aktivitet for einskildmenneske eller grupper. Arbeid og aktivitet med tanke på å inkludere utsette grupper og einskildpersonar vil også bli vektlagt.
Kulturstipend
Kan kvart år delast ut innan det utvida kulturomgrepet (til dømes idrett, musikk, kunst mm). Stipendet kan søkjast av ungdom, i alder 13 – 25 år, som bur i eller som på anna vis er knytt til Vindafjord. Stipendmidlane skal nyttast til å gjennomføra særskilde kulturarbeidsoppgåver, utdanning, trening eller perfeksjonering for aktiv kulturinnsats. Søknaden skal innehalda opplysningar om vanlege personalia, gje eit oversyn over målet med stipendet og korleis det er tenkt nytta.
Endeleg avgjer om omsorgs- og inkluderingspris og kulturstipend blir teken av det politiske utvalet i Vindafjord kommune: Utval oppvekst og omsorg (OPOM).
Søknadsfrist 15. juni.
Grendautvalet i Vikebygd oppmodar folk om å føreslå kandidatasr til prisen.
Kontakt Solveig Hortman i grendautvalet
eller Kulturkonsulent i Vindafjord kommune:
Berit Hetland, Tlf 53656563/46425445
Nye kommentarar