Vikebygd sogelag
Vikebygd sogelag gav ut eit eige sogeblad i perioden 1977 til 2002. Etter den tid stansa aktiviteten opp og 26. april 2018 valde dei gjenverande i styret å kalla saman til årsmøte for å ta stilling til om laget skulle leggjast ned og formelt avviklast.
Årsmøtet
Seks vikebuar møtte til årsmøtet, og enda opp med samrøystes å vedta avvikling.
Men før ein kom til dette vedtaket så drøfta dei spørsmålet om korleis midlane som er komne inn best kan koma bygda og bygdehistorien tilgode. Bygda har på eige initiativ eit skulemuseum som er teken hand om gjennom eiga stifting. Gamle Årvik skule står det slik han gjorde då skulekvardagen vart avvikla omkring 1965. Eldsjeler har arbeida for å rusta opp skulen og kunna visa den fram til nye generasjonar. Årsmøtet gjekk derfor inn med å gje ei støte på kr 28.000 til dette arbeidet.
Kva skjer vidare framover?
Styret hadde motteke noko historisk stoff som ennå ikkje var på trykk. Kva skal skje vidare framover med å sikre historien slik dei eldre hugsar den? På årsmøtet kom framlegg om å oppfordra sogelaget for Skjold og Vats til å utvida området sitt til også å dekkja Vikebygd.
Dette er i stor grad alt gjort då det gjennom fleire år har vore historiske stykkje frå Vikebygd i sogebladet Vindetreet. Sogelaget for Skjold og Vats har også teke initiativ til å digitalisere dei sogeblada som er utgjevne i Vikebygd gjennom tidene, og lagt desse ut på Internett. Desse utgåvene er nå scanna lagt ut på Vindetreet si nett-side, slik at dei er tilgjengelage for alle også i åra framover.
Blada er tilgjengeleg i PDF format, og du finn dei HER.
Etter 2002 har Vikebygd bidrege med artiklar og bilete i Vindetreet kvart år.
Frå Vindetreet si Nett-side har vi henta fylgjande tekst,
Skreve av Gunnar Listog:
I 1977 kom fyrste utgåva av «Sogebladet» ut.
Vikebygd Sogelag vart skipa 16. mars 1977 med Rune Birkeland som leiar, og med følgjande styremedlemmer: Bjarne Alne, Helge Nagel Alne, Bjarne Lunde, John (Johan Olai) Skartland, Gunnar Svendsbø og Marie Vik.
I vedtektene for laget står det m.a. at laget skal arbeida for å styrka interessa for lokalsoga, og at verneverdige hus og gjenstandar, stadnamn og soger vert tatt vare på.
Desse fekk ansvar for fyrste utgåva av «Sogebladet»:
Rune Birkeland (ansv.), Signy Falkeid, Stein Magne Trovåg og Gunnar Listog.
Frå 1978-utgåva og fram til og med 1989-utgåva var Gunnar Listog skriftstyrar. Skriftstyret varierte litt, men fylgjande medlemmer bør nemnast: Signy Falkeid, Per Vik, Stein Magne Trovåg, Andor Bjordal, Renate Vasshus.
Frå 1990-utgåva og fram til og med 1998-utgåva var Helge Nagel Alne ansvarleg skriftstyrar. Helge hadde vore ein ivrig bidragsytar heilt frå starten av, så bladarbeidet var i gode hender.
Fram til og med 2002-utgåva var det så styret i sogelaget som var redaksjonskomite.
Ei lang bladsoge var då slutt, men i 2008 vart lokalsoga frå Vikebygd del av «Vindetreet».
Det lokalhistoriske samlearbeidet i Vikebygd heldt dermed fram. Og det som vart samla mellom to permar i løpet av dei 25 åra «Sogebladet» kom ut, har me no den glede å gjera tilgjengeleg på nett.
Me vonar dette vert til glede for mange lokalhistorisk interesserte.
Sogeblada for Vikebygd
Sogebladet Vikebygd 1977
Sogebladet Vikebygd 1978
Sogebladet Vikebygd 1979
Sogebladet Vikebygd 1980
Sogebladet Vikebygd 1981
Sogebladet Vikebygd 1982 – 1983
Sogebladet Vikebygd 1984
Sogebladet Vikebygd 1985
Sogebladet Vikebygd 1986
Sogebladet Vikebygd 1987
Sogebladet Vikebygd 1988
Sogebladet Vikebygd 1989
Sogebladet Vikebygd 1990
Sogebladet Vikebygd 1991
Sogebladet Vikebygd 1992 – 1993
Sogebladet Vikebygd 1994
Sogebladet Vikebygd 1995
Sogebladet Vikebygd 1996
Sogebladet Vikebygd 1997
Sogebladet Vikebygd 1998
Sogebladet Vikebygd 1999
Sogebladet Vikebygd 2000
Sogebladet Vikebygd 2001
Sogebladet Vikebygd 2002
Dersom nokon ynskjer å bruke artiklar eller stoff frå «Sogebladet» for Vikebygd, er det ønskjeleg at det vert referert til at det er henta frå bladet, gjerne med namn på forfattar, sidetal og år.
Les meir i:
VINDETREET
Sogeskrift for Vindafjord
VIKEBYGD SOGELAG
kallar inn til ÅRSMØTE
Torsdag 26.4.2018, kl. 20:00
på Vikebygd bygdahus
SAKSLISTE
- Godkjenning av innkalling
- Val av skrivar
- Fordeling av midler
- Nedlegging av laget
Ved spørsmål, kontakt Lars Arvid Skartland
Nye kommentarar