![R190209-Teater2430 R190209-Teater2430](https://usercontent.one/wp/vikebygd.org/wp-content/gallery/ungdomsteateret/thumbs/thumbs_R190209-Teater2430.jpg)
![R190209-Teater2466 R190209-Teater2466](https://usercontent.one/wp/vikebygd.org/wp-content/gallery/ungdomsteateret/thumbs/thumbs_R190209-Teater2466.jpg)
by Steinar Skartland · 27. mars 2018
Mange vart overraska då dei såg ut glaset der nysnøen bygde seg opp til 10-15 cm utover føremiddagen. Vervarselet hadde vore overskya, men ikkje slik nedbør.
Også fuglane måtte nå sjå at matfatet deira vert pynta som til jul.
Vi får gle oss over snøen så lenge vi har han. Det er trass alt slutten av mars og mildvêret kjem nok og tek han før vi veit ordet av det. Men likevel – det vart snø til påske i år. Noko ein vel ikkje kan forventa neste påske – som kjem 3 veker seinare.
LØA PÅ AKSLA – Alnavegen 92 – Vikebygd
Lady Hardanger og Bluegrassjam med Gaute Sortland.
Konsertstart kl. 19:30.
Baren/dørene opnar kl. 18:00.
Billettar kan kjøpast på Joker Vikebygd frå torsdag 20. juni. Det er også muleg å vippsa til 95900136- merk med namn og lady H.
Pris 250,- pr stk.
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar