Ny tursti merka opp til toppen av Våbrekkefjell
Roald Årvik har igjen vore på nye stiar, og vil dela dette gjennom Vikebygd.org:
-Den nye turen for 2018 som eg har gjort i stand, er opp til toppen av Våbrekkefjell. Det ligg nord for Morgonsvatnet og sør for midten av Longavatnet, fortel Roald Årvik.
«Eg rydda og merka ei løype i spora mine»
– Dette er ei rute eg har gått ein del seint på hausten og tidleg på våren. Eg tykte så godt om leia at eg tenkte det kunne vera kjekt for andre å gå der òg, difor vart det til at eg rydda og merka ei løypa i spora mine. Det står enno att noka merking, men snøen kom like brått på meg som jolekvelden på kjerringa. Akkurat no ligg mesteparten av løypa under 1 m med snø, men så snart snøen trekkjer seg vekk, (vonar det blir lenge til), skal eg opp med dei pinnane som manglar, samt nokre skilt.
Løypa går frå parkeringsplassen ved kyrkja
– Løypa startar ved parkeringsplassen ved Kyrkja og følgjer vegen opp mot Vikestølen og langs heile Longavatnet. I enden på Longavatnet stig vegen oppover i Feiensbrekka. På flata like etter Feinsbrekka tar ein til høgre og følgjer merka sti nokså beint oppover mot sør til ein er godt over tregrensa med utsyn mot Vats og Moldebrekka. Deretter svingar stien vestover og oppover Søre Vassheddene i eit ikkje alt for bratt terreng, og vidare fram til toppen på Våbrekkefjell.
– Over tregrensa går ein langs eine kanten av Søre Vasshedden og ein bør nyta synet ned mot Longavatnet på høgre sida. Vel framme ved toppen er det godt utsyn mot bygda. Toppen, der det vert sett opp ein kasse med bok i, er markert med ein gammal varde.
Flott utsyn over noko av den vakraste naturen Vikebygd har å by på
– Heimturen fortset i sørvestleg retning på toppen av fjellet og ein vil etter kvart få eit flott utsyn over noko av den vakraste naturen Vikebygd har å by på, nemleg Morgonsvatn-området. Turen går vidare nedover mot elva som renn frå Morgonsvatnet på veg mot Fossane. Frå her smeltar stien i lag med andre stiar og tek deg trygt attende til Vikestølsvegen via austsida av Fossasåto og nedover Våbrekka (det er mykje Våbrekke-namn ute og går her i området).
Kart og meir informasjon om løypene finn du her: https://www.ut.no/tur/2.20127/
Andre løyper kan du sjå her
(Tilrettelagt for Internett av Steinar Skartland etter innspel og tekst frå Roald Årvik)
Nye kommentarar