![R190209-Teater2450 R190209-Teater2450](https://usercontent.one/wp/vikebygd.org/wp-content/gallery/ungdomsteateret/thumbs/thumbs_R190209-Teater2450.jpg)
![R190209-Teater2466 R190209-Teater2466](https://usercontent.one/wp/vikebygd.org/wp-content/gallery/ungdomsteateret/thumbs/thumbs_R190209-Teater2466-1.jpg)
by Steinar Skartland · 21. oktober 2018
Gunnbjørg Nesbu var kommunen sin organiserte alt det praktiske i forhold til TV-aksjonen saman med ordføraren.
I Vikebygd var bøssebærarane fordelt på 8 roder. Nokre gjekk åleine, men fleire var to i lag, ein til å køyre og ein til å gå med bøssa. Desse samla inn kr 19.470 i bøssene. I tillegg hadde dei med seg lappar med VIPPS nummer som vart delt ut til mange.
I SR-bank i Ølen var det hektisk aktivitet om kvelden. Kvar bygd hadde ein representant i kommunekommiteen, som vart leia av ordføraren. I banken vart bøssene opna og pengane talde opp med god hjelp av personell frå lokalbanken.
Det var ein svært våt dag, men alle bøssebærarane var smilande og med godt mot både då dei vart sende ut i regnet og då dei kom attende.
Derimot var pengane så fuktige i bøssene at dei setlane ikkje kunne teljast maskinelt. To av bankens personell talde alle setlane for hand.
Følg med på kor mykje som er kome inn i Vindafjord her:
https://giverstafett.no/rogaland/vindafjord
Måndag 22. oktober var totalsummen i Vindafjord kr 555.706,-
Totalt i landet var då på 239,7 mill kr.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar