Måleriet: Livsens Von av Odd Inge Nesheim (1924-1991)
Livsens Von (1956)
Ekteparet Magnhild og Ivar Orgland kjøpte måleriet ”Livsens Von” på auksjon etter at vikebuen og kunstnaren Odd Inge Næsheim, døyde i 1991. Dei ga dette i gåve til Vikebygd kyrkje, der det heng i våpenhuset. Måleriet har stor bruk av kristen symbolikk og er mest ein andakt i seg sjølv for den som tek seg tid til å studera dette nærare.
Livsens Von
Fleire element i måleriet inneheld kjend symbolikk innan kyrkjekunst. Biletet er ikkje identisk med landskap og bygg, men han har nytta elementa frå naturen i Vikebygd. På kyrkjebygget ser ein t.d. berre tårnet, og det er vendt mot sjøen med inngangen gjennom tårnfoten. Likevel kjenner vi igjen den kvite murkyrkja vår og fjella i bakgrunnen.
Fjella er det stødige og faste, men kyrkjetårnet strekkjer seg høgt opp mot Himmelen og Gud. Ein farge som går igjen i biletet er grønt, som er den kyrkjelege fargen som symboliserer vekst og liv.
Frå mørkret til ljoset
I høgre side av biletet er det tungt. Ei mørkkledd kvinne ligg på kne med hendene føre andletet, tydelig i gråt eller sorg. Kjolen har flekker. Tilskitna. Her står også eit lite, fattigsleg hus som syner kvardagen og slitet. Det er eit motstykke til den kvite og ljose kyrkja til venstre i biletet.
Nærast kyrkja står ei anna kvinne i ljose, glade fargar og plukkar roser. Fargen på kjolen er gul, ein farge vi lett knyter til sola og ljoset, det glade og varmande. Mellom dei ei tredje kvinne som ringjer med ei klokke og kallar folk frå den mørke kvardagen til ljoset og gleda i kyrkja. Klokker har vore nytta opp gjennom tidene til å kalla folk saman til bøn og gudsteneste. Både kvinnene, kyrkjetårnet og trea og er høge og smale. Dei strekkjer seg opp mot Himmelen og mot Gud.
Kyrkjebåten
På fjorden kjem kyrkjebåten. Frå det mørke i høgre side av biletet, mot det ljose og kyrkja i venstre side. Kyrkjebåt eller kyrkjeskip er ein sterk symbolikk med lange tradisjonar. Stamnen vender her mot kyrkja, På same måte som kyrkjeskip som heng i ein del kyrkjer har stamnen mot alteret. Eit bilete på kyrkjelyden som seglar gjennom verda, på veg mot Gud og ljoset. Oppi båten ser vi folk i alle aldrar. Bakarst, lengst borte frå kyrkja, set dei bøygde og triste. I andre enden, nærast kyrkja, ser vi ei mor med eit barn på fanget. Lyst hår og vinkande hender fortel om eit barn i glede og leik. Det står ein person midt i båten og held ei åre. Det kan vera at denne eine åra er å sjå på som ei styreåre, medan båten vert ført av vinden som er den Heilage Ande. Rundt hovudet er det som ein skugge. Kanskje langt, mørkt hår, eller som ein glorie. I kyrkjeleg tradisjon er det vanleg å sjå på menneska i båten som mannskap, og der Jesus er kapteinen som styrer båten.
Syndebukken
I båten er det også ein geitebukk, mellom kapteinen og menneska i den ljose enden av båten. Geitebukk er gamalt symbol både frå Jødisk og kristen tradisjon: Syndebukken er et symbol på Kristi forsoning, beskreven ved tenesta i heilagdomen i det gamle testamentet. Gud befalte ofringar av dyr for at illustrera konsekvensane av synd og for å visa at Guds lam skulle bera menneska sine synder og døy for å berga dei. (Det er også sagt at i gammal jødisk tradisjon (og overtru?) kunne ein bli kvitt syndene ved å leggja hendene på ein geitebukk, sanna syndene sine / det ein hadde gjort gale og angra på, og så jaga geitebukken ut i øydemarka. Då skulle syndene bli borte i lag med geitebukken. Herfrå kjem det uttrykket vi har arva: Syndebukk).
Vegen og døra
Vegen frå sjøen og opp til kyrkja startar ved ein liten busk eller tre, midt i vegen. Levande spirer, symbolet på livet som veks fram. Det er raude blomar på greinene. Noko som kan assosierast med bloddropane frå Jesu tornekrone. Soninga av våre synder. Vegen går opp mot kyrkjedøra. Bibelen talar om å gå inn gjennom døra, og Jesus seier: ”Eg er døra”. Men vegen går også vidare, bøyer av mot det mørke og tunge. For den som ikkje går inn gjennom døra, men vel å gå utanom.
(På trykk i Hyrdingen 2014 – Mine tolkningar basert på slik Ivar Orgland tolka biletet for meg då det vart gjeve i gåve til kyrkja i Vikebygd i 1993).
Carl Ivar Orgland (født 13. oktober 1921, død 16. juni 1994) hadde sine røter i Kvamshamn i Vikebygd.
Han var ein norsk lyrikar, lektor, gjendiktar og ordbokredaktør. Orgland var også universitetslektor i norsk ved både Islands Universitet og Universitetet i Lund. Sidan blei han lektor i islandsk ved Universitetet i Oslo. Han hadde dessutan doktorgrad i islandsk litteratur. I 1976 ga han ut læreboka Við lærum íslensku, i 1981 språkkurset: Lær litt islandsk; og saman med Frederik Raastad ga han i 1985/1992 ut Islandsk-norsk ordbok og i 1993 Norsk-íslensk orðabók. (kjelde: Wikipedia)
Odd Inge Næsheim (1924-1991) budde i Vikebygd.
Utdanning frå Statens Håndverks- og Kunsttindustriskole, Oslo under m.a. Carl von Hanno og Thorbjørn Lie-Jørgensen 1947–48.
Han studerte ved kunstakademiet i København under Kræsten Iversen 1948; Studieopphald i København 1948–49 og reiser til Paris 1956, London 1960 og -71. (kjelde: Norsk kunstner leksikon)
Nye kommentarar