Konsert i Vikebygd kyrkje
Styve Brass & søstrene Draugstad Wik
Konsert i Vikebygd kyrkje søndag 17. september
Me takkar alle dei som vil dela noko godt med oss i Vikebygd. Denne gongen var det musikk med Styve Brass & søstrene Draugstad Wik, som vi fekk nyta i kyrkja vår på søndag 17. september.

Styve Brass & vokalsolistane Søstrene Tora og Anne Daugstad Wik (Foto: Steinar Skartland).
Omlag 30 var dei som ville høyra musikken til familieorkesteret frå Evanger. Vokalsolistane, Anne og Tora Daugstad Wik frå Trondheim, har begge utdanning i klassisk song frå Griegakademiet i Bergen, Musikhögskolan i Malmö og Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Så reiste dei rett frå konsert i Bergen til Vikebygd kyrkje for å dela musikkgleda med oss. Vennskap og slektskap til bygdefolk ved Buholmen var nok grunnen til denne turen.

Styve Brass på kyrkjetrappa etter konserten (Foto: Steinar Skartland)
Takk for alle som kom og høyrde på (PS. Det er plass til fleire i kyrkja om fleire vil delta neste gong). Nedanfor er førehandsomtalen som var på trykk i kyrkjebladet Hyrdingen:
Nye kommentarar