Folkemøte om mogeleg industriutvikling på Dommersnes i Vikebygd
Vindafjord kommune inviterer til:
Folkemøte om mogeleg industriutvikling på Dommersnes i Vikebygd.
Utbygginga av Hywind Tampen for Aker Solutions/Equinor viste at kommunen sitt industriområde på Dommersnes er godt eigna for mellom anna produksjon og samanstilling av havvindmøller. Etter at utbygginga vart avslutta har fleire aktørar vist interesse for å nytte området til andre prosjekt med produksjon og samanstilling av havvindmøller. Det potensielle omfanget av desse prosjekta vil truleg ha behov for å nytte heile det arealet som er avsett til industri, og det vil vere naudsynt å både regulere og opparbeide arealet for full produksjon.
I samband med kommunen sitt arbeid med å sjå på mogleg utvikling av Dommersnes ønskjer me å invitere til eit ope folkemøte om arbeidet så langt.
Velkommen til informasjonsmøte på
Vikebygd Bygdahus
torsdag 16. februar kl. 18:00
Agenda:
- Opning av ordførar
- Innleiing frå kommuneadministrasjonen
- Mogleg utvikling og omfang
- Organisering og framdriftsplan
- Informasjon om prosess knytt til grunneigarar og andre berørte
- Innlegg frå Westcon
- Spørsmål frå salen
Nye kommentarar