Fullt hus då julekoret inviterte til konsert i Skjold
At det var finale i fotball-VM, hindra ikkje folk å prioritera førjuls-konsert i Skjold kyrkje. Fullt hus og ein flott konsert fjerde søndag i advent. Både barnekor og vaksenkor delte sprudlande og glade songar med dei 500 som hadde teke turen, frå heile kommunen, for å få inn julestemninga med konsert.
Julekoret som var sett saman for konserten hadde flest deltakarar frå Skjold, Vats og Vikebygd, men også eit større distrikt, frå Imsland til Haugesund. Dei var 45 songarar og i tillegg hadde dei eit proff orkester med lokale musikkarar.
Vi vart alle imponerte av Endre Fjellheim som framførte «Fantasie Impromptu» av Chopin på flygel. Men i konserten deltok også Vindafjord Soul Children, Skjold barnekor, Vindafjord Soul Kids, Olav og Berge Ohm, Malene og Veslemøy Gregersen m.fleire – og sjølvsagt julekoret sitt orkester med flinke lokale musikarar. Det mangla ikkje på applaus og på veg ut av kyrkja var folk opptekne av å kommentera den fantastiske konserten dei hadde fått delteke på. – Ein klar seksar, kommenterte Kari Vik Stuhaug.
Ikkje minst var konserten støtta av til proff leiing, lyd og lys.
Med tilhøyrarar, kor og musikkantar var det 550 i Skjold kyrkje denne søndagskvelden.
Nye kommentarar