

by Steinar Skartland · 4. desember 2022
Lysmessa i Vikebygd vart halden om kvelden søndag 4. desember. Ute var det mørkt og kaldt, men på himmelen lyste stjerner, planeten Jupiter og ein tre-kvart-full måne i aust.
Inne i kyrkja var det mange som ville vera med. Ikkje lett å sjå kven dei var alle, i ei nesten mørk kyrkje. Men inn frå «våpenhuset» kom det ein prosesjon med levande ljos. Først kom dei nye konfirmantane, deretter kom speidarane i lange rekkjer. Alle hadde ljos og fordelte seg i kyrkja.
Ungdomane deltok i lesing av tekstar og bøner, tenning av lys og ved å bera lys i rommet. Prest i gudstenesta var Sigfred Sørensen som med sin milde og lune måte å snakka på knytta bibelbodskap og tale til dei sju lysa i den sjuarma lysestaken. Eitt etter eitt vart dei sløkte, etter kvart som konfirmantane han refererte til i tidlegare samanhengar viste til at det ikkje berre var kjærleik og omsorg i verda. Til slutt stod berre eitt igjen: Håpet (vona). Om alt anna er borte står vi att med håpet som Jesus har tent i oss. Og det skal få tenna dei andre lysa.
Trusopplærar og kyrkjelydspedagog Esther L Åsheim presenterte dei ni konfirmantane (der sju var til stades) som nå tek til med opplæring og førebuingstida fram mot konfirmasjonen som blir i slutten av august komande år.
God salmesong og musikk fekk fylla kyrkja. La oss vandra i lyset, og nordnorsk julesalme. Så kunne vi alle vandra ut i den mørke kvelden og treffa sambygdingane til ein prat på kyrkjebakken, før ein etter ein reiste heim til sitt, med gode minne frå ei lysmesse i førjulstida.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar