

by Steinar Skartland · 4. desember 2022
Julekaféen i Årvik gamle skulehus 3. desember samla fullt hus, ikkje berre frå Nordabygdå, men frå eit større distrikt.
Kaffi, kaker, utlodding, sal av heimelaga juleting og god stemning prega dei fire timane som styret for dette lokale mueéet hadde å by på. Song og musikk av Vegard Skartland og Sandra-Marie Bjørnset Sælemyr fekk vi høyra fleire gonger. Litt trongt var det kanskje i skulebenkene som nok var laga for ei yngre aldersgruppe enn dei som møttest på skulehuset denne laurdagen.
Men stemninga var god og folk som hadde gått på denne skulen i sin ungdom kunne mimra og fortelja frå den tida. Noko dei «yngre» generasjonane kunne lytta til. Også mange av dei hadde fått oppleva ein skuledag på gamleskulen. Det var lenge ein tradisjon med ein slik dag der borna kledde seg ut som borna i eldre tid og fekk oppleva lokal historie. Noko det også vart laga ein film om.
Ei lokal stifting tek seg nå av skulehuset. Gjennom dugnad og innsats prøver dei å ta vare på huset og historia så nye generasjonar kan få sjå og kanskje oppleva. Slik beste- og oldeforeldra deira hadde det i skuledag og leik på naturtomta utanfor, eller på «Prærien» som jordstykket nordom vegen vart kalla.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar