Støttar opp om butikken med «Spleis»
Fredag 14.10. hadde 85 vikebuar betalt inn 36.700 kr i støttebeløp på ein spleis for å dekka høge straumkostnadar på den lokale butikken, Joker Vikebygd, og stadig fleire betaler inn. Initiativtakarane er Lena Gåsdalen og Sandra-Marie Bjørnset Sælemyr. Oppslutninga er endå eit teikn på at kor viktig den lokale butikken er for bygda og folket som bur her. Straumrekninga har auka formidabelt, men butikken kjem ikkje mellom dei verksemder som får straumstøtte. Med ein auke frå 12.000 til 60.000 kroner i straum berre i august månad, går dette hardt utover økonomien. (Les også meir om dette i Grannar)
Dei som ønskjer å støtta opp om denne lokale «Spleisen» kan gå inn på webadressa:
www.spleis.no/project/236986
(Biletet er skjermdump frå websida for spleisen).
Joker butikken la ut følgjande invitasjon på Facebook:
Lørdag 15. oktober er det «Handle lokalt dag» (Aktuelt som aldri før )
Det hadde vore kjekt om me fekk til litt ekstra aktivitet o.l ved butikken den dagen (eller ein anna dag den veka)! Finns det fotballag, speidergrupper «Polengrupper» o.l som har lyst å delta? Salg av lappar,vafler, kaker etc? Leiker/aktivitetar? Rekruttere nye medlemmer? Kun fantasien som sett grenser for kva det kan vere. Alle inntekter går til laget/gruppa. Interessert? Då tar du kontakt med Gunn på butikken ).
Initiativet til spleisen kom etter at Gunn Vikingstad 3. oktober la ut fylgjande på Facebook:
«Å drive Joker Vikebygd har så langt vore mykje arbeid – og mykje glede, men nå er me i ein motbakke som eg er redd me ikkje klare. «Motbakken» heiter straumkostnadar og den ser ut til å bli lang. Me kutte andre kostnadar så langt det går, men treng auka omsetning om me skal unngå nedlegging/konkurs. ☹️ Vil du hjelpe oss opp motbakken og beholde butikken, – då handle du lokalt. Me har åpent 08-20 (08-18 lørdag). Sende du oss handlelista, gjer me varene klar til henting. Treng du dei levert fikse me det og😊 Velkommen til hyggelig og lokal handel!»
I forklaring til «Spleisen» som vart oppretta, skriv initiativtakarane:
Støtt joker Vikebygd
Joker Vikebygd er samlingspunktet i bygda!
Blei også kåra til den beste butikken på Haugalandet nyleg !👏🏼
Her møter vi berre smilande og imøtekommande tilsette, som ikkje veit det beste dei kan gjera for dei som handlar der !
Støtt Joker Vikebygd med å ta handelen i butikken og legg gjerne inn eit beløp her !
Kvar krone mettar i denne perioden vi er inne i ☺️
Alle pengane som kjem inn går rett til butikken!
Mvh Lena og Sandra Marie, stolte tilflyttere til bygda!«
Butikken har nå desse opningstidene:
Måndag – Fredag: 08:00 – 20:00Laurdag 08:00 – 18:00
Dei som ønskjer å støtta opp om denne lokale «Spleisen» kan gå inn på webadressa:
www.spleis.no/project/236986
Nye kommentarar