

by Steinar Skartland · 24. august 2022
Dei som har motteke kyrkjebladet Hyrdingen kan der lesa om ulike arrangement i sommar og haust i Vikebygd. (Les gjerne kyrkjebladet her). Nedanfor er teksten som Ingrid Mathilde Sørvåg skreiv om
Fyrste helga i juli var det travelt i Vikebygd. Helga starta med bygdevandring om laurdagen. Dei som var med, fekk høyre forteljinga om dei ulike kyrkjene i Vikebygd; frå stavkyrkja som var den fyrste og fram til den vakre kyrkja me har i dag.
To av kyrkjene i Vikebygd har brunne, og forteljinga om desse to er kanskje den mest spennande delen? Me som er i kyrkja, bør også brenne. Me bør brenne for noko, noko som er større enn oss sjølv.
Sundag 3.juli starta med ei gudsteneste med arbeidstittelen «song- og musikkgudsteneste». Ingrid Tveit, Lina Fisk Eide, Tom Roger Aadland og Arne Tveit deltok med song og musikk i tillegg til presten, Sigfred Sørensen. Alle me som var i kyrkja, deltok i god song.
Etter gudstenesta var det tid for kyrkjekaffi og ein pause før neste post på programmet som var konsert i kyrkja. Her deltok Lina Fisk Eide, Cathrine Nordseth, Ingrid Tveit og Tom Roger Aadland, med andre ord: svensken, dansken og norsken. Inntektene frå konserten er eit godt bidrag til det me treng for å kunne supplere lydutstyret som er i bruk i kyrkja.
Seinare i juli hadde me open kyrkje to gonger, då spelte Caroline Bjørnevik på orgelet og dei som ville kunne komme inn for å lytte eller meditere.
Lina Fisk Eide og Cathrine Nordseth var mellom dei som gleda oss med vakker song denne søndagen.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar