Les Kyrkjebladet Hyrdingen nr 2
Det vart halde årsmøte for kyrkjeblad Hyrdingen 24. mars. Bladet er sokneråda i Vindafjord sitt informasjonsblad til alle innbyggjarane i kommunen.
Det vart halde årsmøte for kyrkjeblad Hyrdingen 24. mars. Bladet er sokneråda i Vindafjord sitt informasjonsblad til alle innbyggjarane i kommunen. I nummer ein av kvart nummer (i februar) legg redaksjonen inn ein giroblankett slik at dei som ynskjer å støtte arbeidet med bladet kan betala inn frivillege bladpengar. Dei siste åra må nok årsmøtet erkjenna at det er færre som støttar med bladpengar og drifta syner underskot. Difor må styret ha fokus på korleis inntektene kan aukast gjennom td. tilskott frå ulike hald.
Redaksjonen og årsmøtet finn god grunn til å retta ein stor takk til alle dei som bidreg med å betala bladpengar, støtteannonser og gåver til drifta av bladet. Mange betalar inn eit større beløp. – Tusen takk seier redaksjonen. Tilbakemeldingane på bladet er gode. Mange både les bladet og set pris på informasjon og innhald. Det kjem mange sterke oppfordringar om at ein må halda fram med 5-6 nummer i året, sjølv om det i dag er mykje informasjon å finna også på internet. Derfor vil styret for kyrkjebladet saman med sokneråd og fellesråd for kyrkjene sjå på kor ein kan søkja tilskott til drifta og oppfordra så mange som mogeleg om å bidra med eit lite beløp i året som frivillige bladpengar. Det er også mogeleg å lesa blada digitalt for dei som ynkskjer det, på lenka: www.hyrdingen.no .
Kyrkjebladet Hyrdingen kjem ut til alle husstandane i Vindafjord og er nbå i sitt 64. driftsår. Redaksjonen er frivillige medarbeidarar som gjer denne oppgåva gratis, men det kostar likevel å få utarbeida trykkefiler, trykking på trykkeri og porto for utsending. Koastnadar som ligg på rundt kr 200.000 i året.
Nye kommentarar