«Bedehusbasar», middag og årsmøte
Laurdag 26. mars kunne folk få seg middag på bedehuset.
Ikkje heilt som vanleg «Basar», men dei måtte kalla det «Bedehuslotteri» då lodd også vart selde på internett med VIPPS. Men dette var «full pakke» med middag, årsmøtesaker, andakt og sjølvsagt utlodding. Det var vel 50-60 som fann vegen til bedehuset midt i bygda denne laurdagen. Her fekk dei lapskaus laga av kortreist sauekjøtt frå Alna. Loddsalet gjekk føre seg både med namn i bøker og som åresal. Mange gevinstar fann seg eigarar den dagen.
Dei siste to åra har det ikkje vore lett å samlast til slike arrangement, og mange sakna nok å kunna koma saman til basar på bedehuset att. Kunna sitja saman med ein kaffikopp, høyra på andakt og delta i allsong. Nokre valde nok å halda seg heime då frykta ennå set i for å bli smitta av covid-19. Heldigvis er det få som blir alvorleg sjuke av denne smitten nå. Vi får vona at vi har fått så pass motstandevne i kroppen at det å koma saman i ulike samanhengar, om det er på bedehuset, kyrkja eller andre stader, ikkje medfører fare for sjukdom
Arne Tveit la fram årsmeldinga for 2021 og fortalde om den store dugnaden som var i mai, då heile bedehuset vart måla kvitt og det vart gjort eit grundig løft der mange deltok på dugnad. Også røyropplegg til toaletta er ordna. Dette vart avslutta med ein «basar» der lodda vart selde på VIPPS på førehand, og det vart også seld lodd utanfor bedehuset (Køyr gjennom basar). Årsmøtet det året vart digitalt, då ein ikkje kunne ha ope møte pga pandemien. Det var lite som kunne skje på bedehuset i pandemi-året. Berre ein gladsong i slutten av november. Dei to misjonsforeiningane (Normisjon og sjømannsmisjonen) hadde sine samlingar, i tillegg til Pensjonisten og innsamling til Ukraïna.
Styret har i 2021 vore Kjersti Hausberg Bjerga (leiar), Arne Tveit (nestleiar), Berit Ryvik Skartland (kasserar og ansvarleg for utleige), Inger Gåsdalen (styremedlem), Vara: Dag Nagel Alne og Jenny Svendsbøe.
Årsmøtet gjorde attval på styret.
Litt av dugnadsgjengen i mai 2021. Kaffimat må til på ein dugnad.
Berit Ryvik Skartland la fram rekneskapen som nok syner underskot, m.a. fordi oppussing med maling, ny varmtvasstank og røyropplegg mm har medført ekstra kostnader, og det har vore lite leigeinntekter. Bedehuset har fått gåver frå SØK kr 10.000 og frå Grendautvalet kr 5.000. Lotteriet ga inntekt på kr 20.570, leigeinntekter på kr 500, kollekt 1344,75 og gåve på kr 500. Totalt inntekter på kr 37.914,75. Utgifter m.a. straum kr 11.909, ny varmtvasstank og røyropplegg kr 24743, pluss andre driftsutgifter og forsikring. Totalt vart dette utgifter på kr 60.302. Korrigert for utbytte av aksjer i SØK og renter ga dette netto underskot på kr 20.825,98. Sjølv om dette reduserer midlane bedehuset har til disposisjon, så har dei igjen disponible midlar på kr 78.962.
Så kom det inntekter frå basaren nå i 2022 og kasseraren kunne presentera eit godt budsjett med eit lite overskot for 2022.
– Vi håpar at det året som kjem nå kan bli litt meir normalt i forhold til aktivitet, sa Arne Tveit og peika på at mykje av underskotet i 2021 er fordi det har vore mindre aktivitet enn normalt i huset.
Dugnadsarbeidet i fjor har gjort at bedehuset som ligg i sentrum like ved vegen ser flott ut og innbyr til aktivitet og møteverksemd. Her er bilete frå arbeidet der mange stilte opp og med god leiing av Arne Tveit:
Nye kommentarar