Årsmøtet i Grendautvalet samla mange vikebuar
Gunn Vikingstad kunne ønskja velkommen ein god flokk vikebuar til årsmøte i Grendautvalet 17. februar. Årsmeldinga viste eit grendautval med gode aktivitetar til beste for Vikebygda. I møtet vart det både orientering om Hywind prosjektet på Dommarsnes, tiltak for å gjera bygda betre for innbyggjarane og for å ynskja nye velkommen. Dei har også heile 90.000 kroner frå SØK stiftinga til utdeling til små eller store prosjekt i Vikebygd.
Gunn Vikingstad kunne ønskja velkommen til årsmøte i Grendautvalet 17. februar.
Dei var ein god flokk vikebuar som møtte til årsmøte på bygdahuset om kvelden, 17. februar 2022. Det heile starta med informasjon frå HMS og kvalitetsleiar i Aker Solutions om det pågåande Hywind prosjektet på Dommarsnes. Det vart mange spørsmål som ho kunne svara godt for seg på. Dei er svært nøgd med gjennomføringa og lokasjonen på Dommersnes, der dei fleste tilsette bur i brakkerigg. Riggen er utvida fleire gonger då dei vart fleire arbeidarar enn først planlagt. Nå er det 150 arbeidarar i sving på dagtid og 110 på natta, kontinuerlig med å gjera ferdig dei 11 betong-tårna til havturbinar. I juni skal dei flyttast til Gulen for å ferdigstilalst der. Dei har ikkje nye prosjekt på gang for Dommersnes etter dette. Men kven veit. Anlegget er godt tilrettelagt, men nye prosjekt vil vera serieproduksjons om krev større plass, sa HMSK-leiaren. Planen er å trappa ned bemanninga og avslutta prosjektet i juni.
Deretter blir det opprydding i juli – august. Men det gamle overbygget til ei oljeplattform nede på kaien, hadde ho ikkje løysing for, og kalla det miljøforureining. Det inneheld truleg asbest.
På grunn av pandemien hadde dei ikkje kunna nytta idrettshallen til aktivitetar, men ho skraut av butikken som er ligg nær Dommersnes og er mykje nytta av arbeidarane når dei går av vakt. Elles går dei mykje turar i naturen, men ho meinte det dessverre vart for lite sosialt for dei tilsette på prosjektet.
Årsmelding
Gunn la fram årsmeldinga som viser god aktivitetar til beste for Vikebygd. M.a. tiltak for å gjera bygda betre for innbyggjarane og for å ynskja nye velkommen.
– Eg veit ikkje kven som er nytilflytta, så dersom du har fått ein ny nabo så sei ifrå til meg, sa leiaren i Grendautvalet. Til nå i år har ho vore med blomar til to nye tilflyttarar.
Grendautvalet har fått heile 90.000 kroner frå SØK stiftinga til utdeling til små eller store prosjekt i Vikebygd. Søknadsfrist er 15. mars, og kriteria ser du her.
-Her er det berre å søkja, om du har positive prosjekt på gang, sa Gunn. Rekneskapen som Håvard la fram viste at dei hadde støtta mange lokale prosjekt i 2021, med midlar for 2020. Sjå oversikt her.
Hovudpunkta i aktivitetane var:
Utdeling av SØK-midlar
Tomterydding
Vikevegen
Skilting av dyreovergangarGode VIB’er
Velkomst til nyinnflytta
Revisjon av kommuneplanen, innspel og møte
Hywind og det den betyr for bygda
Årsmøtet hadde både skryt og ros til Grendautvalet, mange gode kommentarar og ikkje minst spørsmål. Det vart også drøfta tankar rundt barnehage- og skulebruksplanen. Bygda arbeider aktivt og godt med å få fram positive innspel og høyringssvar til kommunen. Ei eiga arbeidsgruppe er etablert for å jobba fram ulike innspel, informasjon og innlegg i avisa.
17. mars blir det ope informasjonsmøte på bygdahuset, der kommunen informerer.
Frist for høyrinmgsinnspel er 18. april.
Val i årsmøtet
Årsmøtet valde samrøystes desse til styre i Grendautvalet:
Leiar Gunn Vikingstad
Nestleiar Gunnar Birkeland
Sekretær Espen Årvik
Kasserar Hanna Strømberg
Styremedlem Jon Magne Svendsbø
Varamedlem Marte Gangstø
Valkomité:
Else Karrin Vestbø
Håvard Tveit
Geir Tveit
Revisorar:
Kjell Atle Barane
Johan Owe
Handlingsplanen 2020-2024
Fokus på handgripelege oppgåver
Handsame forslag som kjem frå innbyggjarane
Vere eit bindeledd mellom innbyggjarane og kommunen
Ha ansvar for tildeling av SØK midlar
Aktivitetar med mål om å auka tilflytting til bygda
Oppgåver nytt styre vel å fokusera på.
Vikebuen og Grendautvalet har stor tru på framtida og er optimistiske på vegne av bygda. Kampen for å bevara sklule og barnehage er i gang. Det er viktig dersom ein skal få nye til å flytta til bygda og få fleire familiar med born.
Nye kommentarar