Lever inn arket med nutaturane
Halvhardhausen i Vikefjella utsett til 1. november. Husk å levere inn utfylt ark med dine nutaturar, til Øyvind Valen.
Det er no to veker til nutabøkene blir henta inn. Hugs å levera inn nutaarka dersom du har vore på alle nutane dette året, eller du har vore på tre nutar og er i barneskulealder eller yngre. Lever i postkassen til Else og Øyvind Valen på Trovågsfeltet.
Sundag 1. november inviterer speidargruppa til to turar for å ta inn bøkene. Den eine startar i Bjordal og tek runden til dei tre nutane i Sørafjellet, medan den andre startar i Bjordal og tek turen til Såtå, Trodlafjellet og Trodlaibbå. Begge turane starter klokka 10.00
Send SMS til 95051159 dersom du vil vera med.
«Halvhardhausen» utsett ei veke – til 1. november!
Tur 1: Oppmøte Bjordal 10.00. Me går ein flott runde via Bårefjell, Sætrafjell og Ulserhaug og returnerer til Bjordal.
Tur 2: Start på Skartland klokka 10.00: Turen går via Såtå, Trodlanibbå og Trodlafjedl og endar i sentrum. Me organiserer eventuell skyss tilbake til bilar som står på Skartland.
Påmelding til 95 05 11 59. Øyvind Valen
Nye kommentarar