Vikemusikk engasjerte bygda
Den tredje konsertdagen var oppe på Alna, i den restaurerte løa på Aksla. Her var ein nøye på å sikra at det berre var maks 70 inne i lokalet til ei kvar tid. Stemninga var på topp gjennom dei fire timane som det vart servert ein tre-rettars musikkmeny med profesjonelle musikarar.
Forrett med
King George VIII
Afrikansk musikk frå hans bakgrunn i Ghana, Vest-Afrika. Elektronisk musikk blanda med trommer, sang og bruk av filmeffektar på steinmuren bak artisten. Eit veldig bra og spesielt innslag som vart set pris på.
Hovedrett:
Tom Roger og Erik
Eit breidt reportoar på nynorsk og engelsk. Tom Roger Aadland røpte at han har ferdig eit nytt album som skal koma ut i januar 2021. Smaksprøvane derifrå i konserten lova godt for endå ein suksess. Dei nynorske tekstane hans, og dei mange Bob Dylan songane han har skreve om til nynorsk, er godt mottekne over heile landet. Til hausten skal desse nyttast i teaterframføringar i hovedstaden.
Historien om løa
I pausane mellom de musikalske rettane var det servering av suppe og drikke. Sjølvsagt måtte bonden på Aksla, Dag Hans Nagel Alne, få fortelja historia bak steinløa på Aksla, eller Alna i Vikebygd. Han har lagt ned eit stort arbeid for å renovere løa frå 1830-talet. Eit krevande arbeid som har gjort bygget om til eit hus for arrangement og konsertar, helst i den varme årstida. Målet var å få den ferdig til kona sin 50-års dag. Og det klarte han,
Her var også informasjon frå kvinnene som står i bresjen for musikkarrangementet i Vikebygd denne sommaren. Solveig nytta høvet til å reklamere for villsauskinn ho har til sals på garden og minna om at dei hadde mykje suppe for dei som var svoltne.
Desserten: Bergen Mandolinorkester
Ei gruppe med mange strengeinstrument, men berre ein mandolin. Tre av dei kom frå Lady Hardanger. Musikkstilen og songane skapte engasjement i steinløa på aksla. Med i gruppa er: Olav Christer Rossebø, Gaute M. Sortland, Ingemund Askeland, Kjetil Olai Lunde og Ingeleiv Berstad.
Jo, dei hadde ein madolin i tillegg til gitar, banjo, fiolinar, munnspel mm. Men stemninga var på topp og musikken, som vi også kjenner igjen frå Lady Hardanger sist sommar, fall i smak der oppe i løa på Aksla, då gruppa kom på scenen klokka 21. Så auka stemninga med tramping av takten og klapping, fram til siste delen då også fleire reiste seg til dans mellom benkene.
Vikemusikk frå torsdag til søndag
Vikemusikk 2020 var den tredje sommaren at ei gruppe kvinner arrangerte musikkfestival i Vikebygd. Denne gongen tok det til med opningskonsert på Plassabakeriet. Mange hadde kjøpt billett for å få med seg lokale talent i bygda, eller med tilknyting til Vikebygd. Her var mange gode amatørar, men også dukka det opp profesjonelle som hadde gjeve ut musikk fleire gonger.
Dyktige unge musikarar
Ein av dei lokale som overraska var Robert Gausvik som spela gitar. Det mangla ikkje på applaus etter hans opptreden. Her følgde mange fleire som bidrog til god stemning og som kanskje har ei framtid innan musikken, om dei vel å satsa den vegen.
I år vart konsertane streama direkte på Facebook på Vikemusikk si side.
Arne Mikal sin debut
Ikkje alle var ungdommar. Arne Mikal Svendsbøe hadde sin debutkonsert på Plasset denne kvelden. «Å fly flate så vakker du er,» var songen til kona hans.
«Kva instrument spelar du?» var eit spørsmål han hadde fått. Han kunne fortelja at han ikkje spela vanlege instrument, men nytta ein pc og tilkopla keybord. Her kunna han velja ulike instrument og spela over, leggja til fleire instrument og song til musikken var ferdig.
-Det fine er om det er noko som ikkje er bra nok i musikken, så er det berre å retta dette opp etterpå, sa han som nok var litt nervøs på sin første opptreden, men kom vel ut av dette. Fredagen hadde han neste konsert på Gamlatunet under pub og musikkvelden.
Fillerye
Musikarane har ei tilknytting til Vikebygd, men held til i Oslo. Nå fekk bygda endå ein gong høyra musikken deira på opningskonserten torsdag.
Fredagen var det også bygdevandring frå Plassabakeriet til Døvikjå med musikalsk niste. Forteljar og turleiar var Ingrid Mathilde. Godt frammøtet i stålande vêr.
Søndagen tar Ingrid Mathilde Sørvåg oss med på ei reise gjennom Vikebygd kyrkje si historie, i fleire bolkar kl. 13, 14 og 15. Arrangementet blir i kyrkja i samarbeid med soknerådet.
Les, sjå fleire bilete og film frå arrangementa, på Facebook.
Nye kommentarar