Motbakkeløp i 2010
Jon Magne Svendsbø tok initiativ til etterfylgjarar etter Kvamsåsen Rundt: «Trodlanibba Opp» og «Første Mann til Vikestølen». Men kor er resultata blitt av?
Første mann til Vikestølen
–Nå er utfordringa: Førstemann til Vikestølen! skreiv Jon Magne Svendsbøe på nettstaden «Klubben Online» 28.10.2010, og presenterte sin eigen løyperekord: 52 min i 25 cm snø andre juledag 2010, frå Prestabryggja til Vikestølen. Korleis er stoda i dag? Har andre klart dette raskara i snø? Truleg er tida vesentleg kortare for O-løparane i bygda på sommarsdag.
Motbakkeløpet Trodlanibba opp
Litt tøffare tak var det nok å slå Jon Magne Svendsbøe i konkurransen han utfordra til i 2010, då vi kunne lesa på vikebygd.org:
–Dei første løparane har registrert inn tidene på «Trådlanibbå opp». Både damer og menn har kasta seg med i rekordforsøket, men det krevst likevel ei formidabel treningsøkt for å slå rekordhaldaren, Jon magne Svendsbøe som har tida 28.44. Han utfordrar alle i bygda til å prøva å slå denne rekorden.
I ei pressemelding om å leggja ned Kvamsåsen Rundt i 2010, skreiv styret i Vikebygd Idrettslag:
–Eller kva med nytt løp ”i takt med tida”, motbakkeløpet «Trådlanibbå Opp» same dagen som «Familiens Idrettsdag»? Frå idrettsbanen til flaggstanga på toppen langs den raudmerka ruta. 2,7 km. 480 m stigning. Vinnartid under 30 min!
Profil på traséen:
Resultata er borte
Nettsida «Klubben Online» er for lengst lagt ned. Så resultata som var lagra der er borte. Og på vikebygd.org var det berre lenker til Klubben Oline (idrett.no).
Kvamsåsen Rundt
Men resultata frå Kvamsåsen Rundt ligg ennå tilgjengelege for dei som er interesserte. M.a. frå året 2009.
Beste dame vart Anne Kleiven og beste mann vart Johnny Vea. Likevel vart det aldri nokon som nådde opp mot rekordhaldaren, Urige Buta, med tida 34:50, frå Kvamsåsen Rundt-løpet i 2004.
Det 25. Kvamsåsen Rundt
I 2006 vart det markert det 25. Kvamsåsen Rundt løpet. Ved startstreken stod Åge Stene med sitt gamle Mauser gevær. Då startskotet vart fyrt av var det mange med dottar i øyrene. Først i mål vart Håkon Rossehaug frå Sveio IL, på tida 40:34. Beste Vikebygd vart Leif Arne svendsbøe på 49:19.
Polen på 3. plass i 2007
Til løpet i 2007 var det ein polsk mann som kom litt seint og betalte påmeldinga rett før start. Irek Korfini sprang i mål på ein 3.plass på tida 41:02. Etterpå bad han om å få kopi av resultatlista for å dokumentere for venene sine at Polen kom på 3. plass i Kvamsåsen Rundt! Eit søk på internett viste at denne løparen hadde bak seg mange løp ulike stader i verda, m.a. Trialthon konkurransar
med sykling, springing og symjing. Men kansje mest på Haugalandet seinare år?
Nye kommentarar