



by Steinar Skartland · 14. februar 2020
På årsmøtet i Grendautvalet 13. februar kunne Solveig Hortman levera stafettpinnen som leiar vidare til Gunn Vikingstad. Ei dame som er kjent for å ha «bein i nasa», er initiativrik og likar å få ting gjort. Vi gratulerer med valet og eit godt samansett Grendautval med styremedlemmer frå alle delar av bygda.
Leiaren, Solveig Hortman, ynskte velkommen til dei 20 som ville delta på Årsmøte i Grendautvalet torsdag 13. februar. Årsmeldinga var digital og ikkje på papir – til nytte for miljøet. Det var mange spennande prosjekt som var gjennomført i 2019 og som fekk sin presentasjon. Også dette året har utvalet vore svært aktiv og stått på for å fremja Vikebygd sine interesser.
Å måla velkommen til Vikebygd på «Svartaløa» var eigentleg eit svar på at Statens Vegvesen hadde nekta å setja skilt med bygdenamnet i kvar endre av bygda. Innspelet om å bevara dette «kulturminnet» førte ikkje fram, og mange sa seg nøgd med at det ikkje vart endå eit dugnadsprosjekt. Innbyggjarane i Vikebygd er svært aktivt med på mange slags dugnads innsatsar, ikkje minst innan alt i idrett, teatergrupper, speidar og anna barne- og ungdomsarbeid. Dugnad på idrettsbane, vikeputten ob bygdauset stiller mange opp på med glede.
Om søknaden frå Trovårfeltet om endring av krinsgrenser var årsmøtedeltakarane einige med styret i grendautvalet, som meinte dette ikkje var ei sak kommunen skulle bruka tid på. Tvert imot snakka fleire varmt om den innsatsen som mange i Sørabygda og også på Trovårfeltet har gjort og gjer for Vikebygd. Fleire her er engasjert i idrett, speidar, arrangement og aktivitetar. Så ynskjet er at det må bli meir samhald og samarbeid. Nå er også Trovågfeltet representert med varamann i Grendautvalet.
Det nye styret består nå av:
Leiar: Gunn Vikingstad
Nestleiar: Gunnar Birkeland
Sekretær: Espen Årvik
Kasserar: Håvard Tveit
Styremedl.: Stein Andor Sundve
Varamedlem: Geir Tveit
Årsmøtet føreslo å velja 1-2 ungdommar inn i Grendautval-styret. Dette vart positivt motteke. Valnemnd og styre skal vurdera dette opp mot neste årsmøte. Konkret vart føreslege å ta med 1-2 ungdommar i tillegg til dei faste styremedlemmene.
Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg til årsplan. Dette består i:
Årsmøtet tok opp:
Prosjekt fiber står litt i stampe nord i bygda. Ny linje frå Kamme til Svalland med Haugaland Kraft, må koma først. Midler frå SØK kan vera viktige for å få til noko. Grendautvalet frykta at bedrifter som ynskjer å omgjera vedtektene i SØK kan hindre støtte til både fiber, bygdehus og lag og organisasjonar. Det vart oppfordra om at alle aksjonærar må møta på generalforsamlinga i SØK.
SØK STØTTE HJÅ VIKEBYGD GRENDAUTVAL
Økonomien har dei kontroll på. Kasserar Håvard Tveit kunne visa fram ein rekneskap som tyder på god orden og kontroll. Samla inntekter dei har hatt til disp. i 2019 var kr 244.750. Dei har betalt ut i alt kr 142.472 i støtte til tiltak og litt til drift av grendautvalet, møte mm. Dei mottok tilskott på kr 90.000 frå SØK i slutten av året og har nå til disposisjon kr 102.278.
Dei som har gode prosjekt innafor retningslinene, kan søkja om støtte frå Grendautvalet til sine prosjekt. Les meir om dette her. Søknadsfristen er 15. mars.
På årsmøtet kunne Grendautvalet presentere ein aktiv og aktuell handlingsplan for 2020-2024. Årsmøtet etterlyste meir fokus på fiber til dei delane av bygda som står igjen. Særleg vart nemnd Nordabygda.
-Me må satsa endå meir på marknadsføring, var Gunnar sitt råd til styret. -Filmen om Vikebygd på TV Haugaland kan vera det rette å gjera.
At Kværner kjem med utbygging på Dommersnes kan også gje eit løft. Mange er imponerte over alt som skjer i Vikebygd. Også dei som bur andre stader.
Den nylaga filmen om Vikebygd vart vist og leiaren oppfordra alle til å dele denne på internett. Bruka den som eit aktivt verktøy og gjerne ha link til den i e-post ein sender. Les meir og sjå filmen her.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar