Rekord høg grasrotandel til Vikebygd Idrettslag
172 vikebuar som spela hos Norsk Tipping i 2019 førte til at «Grasrotandelen» vart eit tilskot på 88.702 kroner til idrettslaget.
Året før var dette på kr 81.390, mot kr 44.280 i 2017.
Lag eller forening som skal motta midler frå Grasrotandelen, må vera registrert i Frivillighetsregistret i Brønnøysundregisteret. Under denne registreringa kan dei som ønskjer det hake av for «Skal enheten delta i Grasrotandelen»? Spelarar hos Norsk Tipping kan så velja dette laget til å få ein andel av det dei spelar for.
Rekord igjen for Grasrotandelen: Ei hårsbreidd frå 700 mill.
Norsk tipping skriv på sine web-sider at tett innpå 700 millioner kroner blei gitt til det frivillige Norge i 2019 – frå stadig fleire gjevarar. Til saman blei det generert 698 265 345 kroner til norske lag, foreiningar og organisasjonar tilknytta Grasrotandelen. Dette er ein auke på 49 millionar frå året før.
Les meir om dette på:
https://www.norsk-tipping.no/artikler/grasrotandelen-en-harsbredd-fra-700-millioner.
Nye kommentarar