
Vikebuen si Julemesse
Tradisjonell julemesse med mange utstillarar på Bygdahuset i Vikebygd, laurdag 30. november. Her fekk mange kjøpt seg både julegåver og julepynt.
Julemessa opna med songar av Catrine, Sandra og ungdommar.

Julemessa i Vikebygd opna kl 12:00. «Englene synger høyt i kor, synger om fred på vår jord,» var songen frå scenen. Sandra-Marie Bjørnset Sælemyr og Cathrine Hamre Tindeland hadde fått med seg ungdommar i to songar. Aud Jorunn Aud Jorunn Tordal delte ut både takk, blomar og klemmar og minte dei frammøtte på at dei kan få høyra meir julesong av desse på konsert i kyrkja laurdag 7. desember kl 17:00. Så var det klart for handel av både julegaver og julebakst fram til kl. 16:00 på Bygdahuset denne siste laurdagen i november.









Nye kommentarar