Takk for støtte ved Globalkafé 13.11.
Speidarane fekk inn kr 12.000 på Globalkafé og bøsseinnsamlinga som i år fokuserte på ungdom sine rettar og medverknad i Sør-Sudan, Tanzania og Palestina.
Fullt hus
Det var heilt fullt hus på bedehuset onsdagskvelden, med speidarar, foreldre og familie, og andre bygdafolk, fortel gruppeleiar Arne Tveit.
Speidarane sto i kaféen og selde kaffi, saft , nysteikte vafler, boller og kaker, og praten gjekk livleg rundt borda. Sunniva hadde ein liten andakt og speidarane sto for underhaldning. Til saman kom det inn over 12.000 kr som går uavkorta til Globalaksjonen sitt arbeid i Sør Sudan.
Speidarane vil retta ei stor takk til alle som gav i bøsser til småspeidarane, og til alle som kom på kafeen og handla.
På biletet er det konkurransar som står på programmet. Den flørste til å eta ei vaffelkake med syltetøy, utan å bruka nevane.
Informasjonen om arrangementet
Onsdag 13. november skulle speidarane, som dei siste åra, arrangera Globalkafé på Vikebygd Bedehus frå kl. 18-20. Det vart sal av kaker, kaffi, saft mm, ein liten andakt og drøs med andre bygdafolk! Småspeidarane gjekk rundt med bøsser først, for så å komma på kafeen etterpå.
Speidarane ordna sjølv vaffelrøre, kaffi og saft, og nokre foreldre tok med mat som kunne seljast i kaféen.
Speidarane møtte kl. 17.45 for å gjera alt klart til kaféen, og dei hjelpte til med å rydda etterpå.
Kaféen var arrangert i samband med KFUK/KFUM-speidarane sin Globalaksjon, som i år fokuserte på ungdom sine rettar og medverknad i Sør-Sudan, Tanzania og Palestina. KFUK-KFUM Global meiner at ungdom er sjølve ryggrada i den globale utviklinga. Ved å gi ungdom kunnskap og moglegheit til å delta i politiske prosessar, og ved å gi dei moglegheita til å sjølv bestemme over eigne liv, dyttar me verda framover. Ungdom må takast på alvor!
Foreldre, sysken, besteforelde og naboar og bygdefolk møtte opp for å støtta ei god sak!
Nye kommentarar