Betongprosjekt på Dommersnes
Oppstart for betongprosjekt Dommarsnes.
«Kværner signerte i dag ein kontrakt med Equinor om å levera 11 flytande betongskrog for turbinar for offshore vindkraft, samt marine driftstenester for Hywind Tampen prosjektet,» skriv Kværner i si pressemelding, og forklarer m.a. fylgjande framdrift:
«Den innleiande fasen med konstruksjon av dei 11 betongskroga vil starta i tørrdokka på Kværners spesialiserte anlegg på Stord i Noreg. Botnseksjonane blir deretter frakta til Dommersnes i Vindafjord kor dei blir ferdigstilte. Helt tilslutt vil vindturbinane bli installerte på toppen av betongskroga i Gulen, litt lengre nord. Prosjektet vert starta umiddelbart og skal ferdigstillast hausten 2022. Oppdraget inneber omlag 250 årsverk for Kværner-tilsette. Inkludert ytterlegare ringverknadar for mellom anna leverandørar og offentleg sektor, vil prosjektet totalt gje rundt 800 årsverk.»
«Når Kværner er hovudleverandør for eit prosjekt, har vi mange underleverandørar og lokalsamfunn som drar nytte av vår verksemd. Når vi nå utvidar verksemda til fornybare marknadar, tar vi sikte på å byggja nye næringer og ny verdiskaping rundt oss», sier Karl-Petter Løken, konserndirektør i Kværner.
Miljøgevinsten
Konserndirektør Løken peikar vidare på miljøgevinsten og miljømåla Kværner har:
«Kværner har som mål å bidra til bærekraftige og verdiskapande løysingar for miljøet og samfunnet. Det er viktig at Norge gjer det som er mogeleg for å redusera utsleppa, også innen olje- og gassproduksjon. Når slike forbetringar vert kombinerte med reduserte utslepp frå olje- og gassforbruk i kvart land over heile verda, tar vi eit godt steg på vegen fram mot dei globale klimamåla. Hywind Tampen-prosjektet banar veg for fleire vindkraftparkar, både i Noreg og internasjonalt. Dagens nye kontrakt er eit veldig viktig skritt i Kværner sin strategi om å veksa innan fornybar verksemd, i tillegg til vår eksisterande verksemd innan olje og gass», seier Karl-Petter Løken, Kværners konsernsjef.
Kværner skriv i si pressemelding 31.10.2019:
Pressemeldinga:
(Link)
https://www.kvaerner.com/kvaerners-kontrakt-for-hywind-tampen-er-et-viktig-strategisk-gjennombrudd/
Equinor
«Equinor vil i dag signera kontraktar verd 3,3 milliarder kroner for utbygging av den flytande havvindparken Hywind Tampen,» skriv Teknisk Ukeblad 31.10.19. Kontrakten er inngått på vegne av partnarane på Snorre og Gullfaks-felta, som skal forsynast med kraft frå dei nye havvindmøllene.
Fra artikkelen fremgår vidare at understellet til vindmøllene (vindturbinane) skal byggjast i betong av Kværner på Stord og på Kværner sitt anlegg på Dommarsnes i Vindafjord.
Les heile artikkelen på TU.no
Nye kommentarar