Nasjonaldagen i bilete
Det vart ein av dei flottaste 17.-mai dagane vi har hatt. Sol og lufttemperatur på 24 grader prega Vikebygd. Kombinert med festkledde og glade born og vaksne så måtte dette bli ein suksess. (Foto: Berit R Skartland og Steinar Skartland)
Etter gudstenesta var det minnetale og kransenedlegging ved minnebautaen over dei som omkom under krigen. 7. klassingane Vilde Hamre Tindeland og Eline Veastad heldt ein flott tale. Les her meir om minnestøtta.
Festtale og underhaldning
Festen som avslutta dagen, vart leia av dei to flinke skuleungdommane: Vilde Hamre Tindeland og Hanna Frøvik Svendsbøe. Her var underhaldning, musikk, premieutdeling og sjølvsagt festtale.
Anne Marte Tveit var dagens festtalar og tok oss med på ei kort historisk reise gjennom Noregshistora – frå Noreg kom under Danmark, Napoleonskrigen, -der Danmark hamna på den tapande part si side (Napoleon) og Noreg vart krigsbytte til Sverige i 1814. Det ville ikkje nordmenna som kalla saman til grunnlovsforsamling på Eidsvoll. Noko som svenskane ikkje syntes om og det vart ein kort krig der Noreg tapte og kom i union med Sverige. Fram til 1905 då Noreg vart sjølvstendig land.
Vidare var ho innom kvinnesynet på 1900 talet. Etter kvart har kvinner og menn fått like rettar i Noreg. Ho tok også for seg fattigdommen og forskjellane i verda, fordeling av goder og om klimaendringane. Anne Marte rosa borna for deira initiativ og engasjement i klimakampen.
Sjølvsagt var ho innom kva som er flott i Vikebygd. Alle folk, tilbod, naturen osb.
Ho slutta med oppfordringa: Lag fleire ungar!
I slutten av festen fekk vi underholdning med flott musikk og song av Tina Larsen, først songen Tir n’a Noir med Caroline Bjørnevik på piano og deretter «Vår beste dag» med Arne Tveit på keyboard.
Tidlegare var også song av born saman med Lene Bjerga, utdeling av premiar frå konkurransane, skyting og pilkast.
Dagen slutta av med første vers av «Ja. vi elsker.»
Nye kommentarar