VINDAFJORD ORIENTERING
Tysdag 2.april kl.18.00-19.30 er Vindafjord orientering på plass i Skjold ved vegen til Holmavatnet. Denne ettermiddagen kan du få prøva turorientering, få kort innføring i bruk av kart og kompass, ta ein treningstur, ein kaffikopp, eit kakestykke eller ei frukt, og ha det kjekt med andre som likar å koma seg ut i det fine vårveret. Les meir her.
Vindafjord Orientering
I frå 2019 er Bjoa og Vikebygd orienteringsgrupper gått i lag med Vindafjord o-lag og blitt Vindafjord Orientering. Aktivitet og personar er det same, men logo, fargar og drakt er endra. Slik ynskjer me å stå saman om orienteringa i kommunen, og få til ennå betre tilbod og aktivitet.
Aktivitet/Løp/Trening
Der er løp eller trening dei fleste tysdagane. Nærløpa er eit samarbeid med alle orienteringslag på Haugalandet, og derfor er nokre løp her i kommunen og nokre på andre stader. For dei yngste løparane, vil det vera premiering om dei er med på 4 av 12 løp (der er 4 løp i kommunen). For dei som er eldre enn 12 år, må dei ha delteke på 6 av 12 løp for å vera med i trekking av gåvekort. Dette gjeld medlemmer i Vindafjord Orientering. Sjå eige skriv om tysdagane.
Turorientering
Dei siste åra er det berre Vikebygd o-gruppe som har hatt tilbod om dette. Vindafjord Orientering vidarefører tradisjonen, men legg karta og postane slik at det kan frista dei som bur i nærliggjande bygder. Derfor er 15 postar plassert på kartet Malaset og i terrenget ved Holmavatnet, 15 postar på kartet Bjoadalen i terrenget ved Vikestølen, og 20 postar på kartet Eivindåsen i terrenget ved Fjellstøl. Premiering vil vera som før. Du kan få kjøpt turorienteringskonvoluttar på Joker Vikebygd, Shell bensinstasjon i Sandeid, Esso Skjold, Circle K Ølensvåg, og på Bjoa ved å senda sms til 93646043. Betaling skjer ved Vipps, overføring til konto og nokre stader kontant.
Draktar
Eit nytt lag vil ha ny start. Derfor har me fått designa nye draktar. Det er både overtrekksdrakt og løpsdrakt. Desse kan du få sjå og prøva på tysdag 2.4 på turorienteringsstarten i Skjold, på fyrste nærløp 9.4 på Bjoa, eller ved å kontakta Jon Magne Svendsbøe 48188430 innan 8.4.
Medlemskap
For å springa løp og kjøpa drakt, forutset me at du melder deg inn i Vindafjord Orientering. Du kan få prøvespringa eit løp og to, men etterpå bør du anten betala som privat eller vera medlem.
Det er og kjekt om du som likar og er med kvart år på turorientering, vil støtta Vindafjord Orientering ved å vera medlem. Der er eit støttemedlemsskap for deg som ikkje spring aktivt på løp.
Du kan melda deg inn ved å gå på https://minidrett.nif.no/ opprett brukar viss du ikkje er det frå før, søk Vindafjord Orientering.
Eller ta kontakt med Jon Magne Svendsbøe, så vil han hjelpa deg.
Lurer du på noko meir?
Ta kontakt med leiar Jon Magne Svendsbøe 48188430, nestleiar Anne Sofie Sandvik 93646043, kasserar Torgeir Øverland 93431580
eller send e-post til vindafjordorientering@gmail.com.
Nye kommentarar