

by Brit Nelly Ness Tveit · 13. mars 2019
Som de veit skal me velja nye medlemmer til å styra kommunen vår i september 2019 . Det er kanskje ikkje like mange som veit at me også skal velja nytt sokneråd, og dermed velja dei som skal ta avgjerder i forhold til kyrkja og kyrkjelyden i Vikebygd. Me er på leit personar som kan tenkja seg å sitja i soknerådet for nye fire år. Vil du? Kjenner du nokon som kan gjera ein god jobb?
Soknerådet vårt har denne perioden, og vil i komande periode, vera i ei prøveordning, samanslått med Skjold sokn. Vikebygd skal ha tre (3) faste medlemmer og tre (3) varamedlemmer. Me har bruk for personar som har interesse for kyrkja vår, kva plass den skal ha for oss i dag, og for komande generasjonar. Det er ikkje krav til kven som kan vera med i sokneråd, anna enn at ein er over 18 år og tilslutta Den Norske Kyrkja. Dersom du ønskjer å stilla til val, eller du har gode navn å føreslå, så er det fint om du tek kontakt med ein av oss som sit i soknerådet:
Brit Nelly Ness Tveit, Dag Nagel Alne, Øyvind Valen og Aud Jorun Tordal.
No events are found.
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar