Årsmøte i Vikebygd Idrettslag
Årsmøte i Vikebygd IL Dato: 25. mars 2019, Tid: kl. 20:00
Stad: Klubbhuset ved idrettsbanen
Styret i Vikebygd Idrettslag kallar med dette inn til årsmøte måndag 25. mars kl 20:00 på klubbhuset
Sakar som eit medlem ønsker skal bli tatt opp på årsmøtet, må sendas seinast 10. mars til styret, på e-mail: inger.kathrine@sundve.no
Fullstendig saksliste vil bli gjort tilgjengeleg for medlemane seinest éi veke før årsmøtet på www.vikebygd.org og saksdokumentar kan ein få ved å sende mail til inger.kathrine@sundve.no
For å ha stemmerett må medlemet ha fylt 15 år, ha vore medlem av idrettslaget i minst éin månad, og ha betalt kontingenten. Medlemar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.
Velkomen til årsmøte!
Nye kommentarar