Nytt hjartestartar-kurs 3.3.19
Laget Vikebuen inviterer til nytt førstehjelpskurs med hjartestarter. Kurset blir på Vik skule den 3. mars klokka 17:00 – 19:30. Kurset blir for alle vikebuar, hyttefolk og andre interesserte. Sjå plakaten.
Påmelding innan torsdag 28.2. på
Telefon 975 74 954, eller til e-post: inger.kathrine@sundve.no
Vikebuen kjøpte i 2012 inn ein hjartestartar som vart plassert på veggen utanfor Joker-butikken i Vikebygd. Tanken er at han skal vera mest mogeleg tilgjengeleg dersom det nokon gang skulle bli behov for å nytta den.
Butikken er ein sentral stad i bygda. Der vart det hengt opp eit skap som til å plassera hjartestartaren i, noko butikken tok rekninga med. Skapet er utstyrt med alarm som hyler om nokon opnar det, men dei som skal henta ut hjartestartaren – f.eks til Vikeputten, låner ein nøkkel til skapet for å ikkje uløysa alarmen.
Hjartestartarane som ein i dag får kjøpt er sjølvforklarande.
Ei stemme fortel trinn for trinn kva ein skal gjera. Likevel er det viktig at folk har kurs, noko som vil gjera ein tryggare på å ta denne i bruk om nokon skulle få hjartestans. Då tel minuttane! Difor er det svært viktig at dei som er til stades straks set i gong med Hjarte-Lunge-Redning (HLR). Det vil sikra at blodet sirkulerer og fører med seg oksygen til hjernen og andre viktige organ. (Les også Helsedirektoratet si vegleiing for HLR).
Hjartestartar like naturleg som medisinskapet
Ein Hjartestartar for private og bedrifter, kostar i dag under 15.000 kroner (inkl. mva). Røde Kors er mellom dei som tilbyr slikt utstyr via nettbutikk. Hjartestartar bør vera like naturleg som eit medisinskap.
Mange bedrifter har kjøpt inn hjartestartarar – og mange har blitt berga frå hjartestans på denne måten. Hjartestans kan råka folk i alle aldrar, også unge.
Røde Kors sitt råd er:
Lær deg hjartestartaren å kjenna gjennom eit solid hjartestartarkurs. I tråd med offisielle norske retningsliner tilrår Røde Kors Førstehjelp alle som går til innkjøp av ein hjartestartar å gjennomgå kursing. Her får ein gå gjennom alt ein treng å vita for å bli trygge på bruken av hjartestartaren.
Ikkje gøym bort hjartestartaren
Vis til kollegar, kunder og besøkjande at de har ein hjartestartar. Heng han opp og vis han fram slik at det er synleg for alle kor ein skal springa for å henta den dersom noko skulle skje.
Nye kommentarar