


by Steinar Skartland · 14. februar 2019
Solveig Hortman, leiar i grendautvalet, kunne ønskja 25 Vikebuar velkommen til første visning av den nye promoteringsfilmen om Vikebygd. Eit proff prosjekt som har kome til etter initiativ frå Grendautvalet, og med støtte frå både bedrifter, SØK og kommunen.
Grendautvalet kunne presentere ei rad med gode prosjekt som dei har vunne fram med. Og Vossasvingane er opna med sykkel og gangsti og med lys. Så nå kjem dei flotte busstoppane til sin rett.
Planar som Grendautvalet vil jobba med i 2019 er m.a.:
Grendautvalet har ei beholdning på konto ved utløpet av året på kr 121.726,52, som dei kan nytta til tiltak i bygda. Gjennom året har di delt ut midlar til ei rekkje tiltak, m..a til Vikebygd Amatørteater og produksjon av filmen.
Grendautvalet fekk kr 72.000 i 2018, men undrar seg over beløpet då det var sagt at dei skulle få 100.00 kr i året i 3 år. Dei oppfordrar dei som har gode prosjekt om å søkja om midlar til desse, og viser til kriteriene for m.a. midler frå SØK.
Det er komne inn 3 søknader til nå, frå:
«Musikk i Vik» festivalen
Søknadsfrist er 15. Mars 2019.
Gunn Vikingstad tok ordet og var oppteken av å få aktivitet og samarbeid om å skapa arbeidsplassar og får ein møteplass / treffpunkt med ideskaping. Ho peika på Franz Lea sin ide om Gondolbanens Venner. Forum for kreativ ideskaping.
Grendautvalet retta spørsmålet vidare til lokale bedriftseigarar, er det noko dei vil vera med på, og fekk positiv respons. Dei vil senda ut direkte email til dei som GU trur kan tenkja seg å vera med på dette. Ikkje som eit lukka forum, men som sit ope og kreativt forum.
GRENDAUTVAL-styre besto i 2018 av:
Leiar: Solveig Hortmann (2 år)
Nestleiar: Anne E. Langhelle (2 år)
Sekretær: Frode Tindeland (1 år) Går ut av styret nå.
Kassserar: Kjetil Andre Skartland (1 år) Går ut av styret nå.
Styremedlem: Stein Andor Sundve (1 år)
Vara: Mariann Larsen (2 år).
Nye: Espen Årvik og Håvard Tveit vart vald inn i styret.
Solveig Hortman ga gåve og takk til dei to som gjekk ut.
Magne Vik trekte fram alt det positive som har skjedd i Vikebygd siste året. Her kan vi m.a. nemna:
Bygdeboka, vegen (Vossaplasset), Roar Årvik si bok, teater osb. Det kom då i gong ein god drøs der mykje bra i Vikebygd vart trekt fram, før folket kunne reisa seg og ta vegen heim. M.a. er det viktig for utvikling av bygda at det er folk i kommunestyret som kjem herifrå. Gunnar Birkeland rosa dei to som nå har vore i Formannskapet i denne perioden (Steinar Skartland, KrF og Rune Hetland, V). Her har ein fått til fleire gode saker som tener bygda.
Og dei som vil følgja med i arbeidet til Grendautvalet kan lesa referat frå styremøte her.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar