
Ungdomane imponerte med teater i Vikebygd
Ungdomane på scenen gjorde ein kjempesuksess med framføringa av teaterstykket om Askepott og Prins Leonardo av Vikebygd. Manus til stykket, som hadde urpremiere i 2006, er laga av Ingunn Andreassen og Kjersti Bryhn, men er tilpassa lokal vikebygds-dialekt og med bruk av fleire lokale namn og hendingar som folk kjende igjen. Det sette ein ekstra spiss på stykket og gjorde sitt til at latterdøra opna seg titt og ofte i salen, etterfølgd av applaus.
I salen hadde 190 tilskodarar sessa seg for å få med seg premiereframføringa som ungdomane har øvd på sidan i september. -I seinare tid har dei øvd kvar kveld og kvar helg, kunne ei mor fortelja, men uroa seg likevel ikkje over leksene. Så er vel også det å engasjera seg i ei slik teaterframføring eit godt «skulearbeid» som fører til viktig læring på andre frontar og arenaer enn det skulane kan gje. Folket møtte opp over ein time før dørene til «teatersalem» opna. Då var det kafé på bygdahuset – og mange nytta høvet til ein drøs og litt sosialt samvær på søndagen.

Det er vanskeleg å trekkja fram kven som var best på scenen. Dei hadde ulike rollar som dei levde seg inn i gjennom dei to aktene. Nokre hadde fleire rollar. Men dei tre som spela Askepott og stesystrene hennar gjorde ein god opptreden og var vel dei som var mest på scenen i løpet av dei 2 x 30 minuttars aktene. Mange merka seg nok også den litt feminine overseremoniministeren (spela av Jarle Skartland) som også prøvde å få Askepott sin sko til å passa på foten. Men til likes med stesysterene til Askepott – den passa ikkje på foten.

Etter at teatergruppa i Vikebygd hadde ein vellukka revy i fjor vaks det fram eit ynskje frå ungdommane om eit ungdomsteater. Nå er reslutatet i hamn. Sjølv om dei alle er amatørar så er det ein høg kvalitet på framsyninga og alle som har delteke må få ros for sitt engasjement. Instruktørar for ungdomsteateret har vore Cathrine Hamre Tindeland, Alice Frøvik, Hilde Stene Bauge og Tor Arild Mortveit. Bakgrunn frå øvingane med revyen i fjor ga nok mykje nyttig trening. Joakim Koltveit, Fredrik Sundve og Even Larsen stod for det tekniske med lyd, lys, musikk og spesialefektar.

Leiar i styret og den som nok har vore ein inspirator og initiativtakar til mykje rundt teateroppføringane, Rolf Julsrud, heldt seg i bakgrunnen, men var synleg stolt over det ungdomane hadde fått til. Etter framføringa overrekka han blomar til instruktørar, inspiratorar, regisørar, bollebakarar, kaffekokarar ogt saftblandarar, som Cathrine, Alice, Hilde og Tor Arild var kalla i programmet. Også skodespelarane fekk kvar si rose. Styret i teatergruppa har investert for 60.000 i trådlause mikrofonar og lydutstyr i tillegg til det som var frå før på bygdahuset. Til framføringane har dei i tillegg leigd inn profesjonelt lysutstyr. Dette har vore mogeleg fordi mange har stilt opp med midlar og tilskott. Noko overskott frå revyen har også kome vel med her. Rolf Julsrud trekkjer fram Sparebanken Vest som har gjeve tilskott på 20.000, Bremnes Seashore med 5000, 15.000 i midlar frå SØK og 15.000 frå Bakkevikfondet.

Dei andre som stilte opp i talenkonkurransen hadde ikkje noko å stilla opp med mot henne.
Teksten til teaterstykket har dei kjøpt inn og er skreven av Ingunn Andreassen og Kjersti Bryhn i Oslo. Likevel er denne tilpassa lokal dialekt og lokale forhold i Vikebygd. Namn på personar, stader og hendingar i Vikebygd, var med. Og mange referanser til vikebygd.org, der dei to stesøstrene kunne lesa om at draktane deira ikkje var fine nok. – Men så har nok ikkje Steinar greie på mote, kom det som respons då.

Talentkonkurranse på slottet blir kunngjort Sossen og Babben var sjølvsikre på at dei skulle vinna Babben kunne lesa dårlege kritikkar av kjolane på vikebygd.org Askepott med muse-flokken Dei to gode feane trylla fram ein vakker kjole til Askepott Full kontroll over lyden, musikk, lys og effektar Talentkonkurranse med jury som ga både positive og negative kritikkar Om engasjementet var stort hos rockaren, var det ikkje nok til å vinna prinsen sitt hjarta. Livlig talentkonkurranse – arrangert av prinsen Talentkonkurransen var ikkje til hjelp for prinsen som ville finne seg kjærast. Babben og Sossen utnytta Askepott – som i original-eventyret Den litt feminine overseremonimeisteren blunka både til underseremonimeisteren og prinsen Babben måtte nok kutta av tærne om den skoen skulle passa Var det noko Sossen og Babben var redde for, så var det mus Sossen og Babben Prinsen fann sin Askepott til slutt Mysene var til god hjelp og støtte for Askepott Styret og instruktørar fekk blomar og ros Stesystrene Sossen og Babben fekk ikkje napp på prinsen Prinsen fall for Askepott med første augekast.
Nye kommentarar