Roald Årvik kandidat til Årets namn
Grannar har nå sin årlege lesarkonkurranse: «Stem fram årets namn 2018«. Ein sjølvsagt kandidat for Vikebygd må jo vera Roald Årvik frå Vikebygd, som nett kom ut med si første bok på eige forlag (RÅtassen).
Boka, som inneheld bilete frå alle delar av Vikebygd, frå fjordsida, landeveg og fjella, vart riven bort på kort tid. Eit opplag på 500 eksemplar heldt ikkje mange vekene, for dette var tydelegvis ei bok som folket ville ha. Bøkene er nummererte og Roald Årvik gjekk ut med at det berre vart dette eine opplaget. Noko som aukar verdien av den boka som kvar einskild fekk sikra seg.
Roald Årvik er elles godt kjent for å rydda og merka stiar i skog og fjell rundt Vikebygd. Eit formidabelt arbeid som han tok på seg, kombinert med å sikra seg sjøl betre helse og betre form. Nå kan desse stiane stå her som verkemiddel for friskliv mellom bygdefolket som vel å nytta naturen i Vikebygd. Allereie i 2014 førte dette arbeidet til at Roald Årvik vart kåra til Årets Vikebu. Vindafjord kommune kunne fylgja dette opp med å tildela han kulturprisen for 2017. Tidlegare har han bak seg fleire år i kommunestyret for Vkebygd bygdeliste, så samfunnsengasjementet er stort.
Så er det ennå ein gong mogeleg å peika på Roald Årvik, for dei som verdset han høgt. Det får ein denne veka høve til gjennom å senda si stemme på Årets namn 2018 til Grannar redaksjonen på post@grannar.no . Lokalavisa har presentert seks gode kandidatar, så er det opp til lesarane å velja sin kandidat. Vikebygd bør vel støtta sin lokale kandidat?
Kandidatane som ein kan velja mellom i Grannar er:
1. Roald Årvik, 2. Jorunn Grindheim, 3. Ingeborg Vågen, 4. Jan Børretzen, 5. Olav Velde og 6. Svein Bjarte Holten.
Du kan sende inn di stemme på e-post til: post@grannar.no
Nye kommentarar