

by Steinar Skartland · 9. desember 2018
Det var kveld og mørkret hadde senka seg over bygda. Men bilane kom ein etter ein og parkerte utanfor kyrkja. Folk stiltra seg inn og fann ein plass i benkene. To speidarar heldt kvar sitt levande lys i midtgangen. Det var tid for den tradisjonelle lysmessa.
Dette var første gudstenesta den nye soknepresten, Kristian Kyllingstad, skulle ha i Vikebygd. Mange hadde nok sett fram til å sjå han, men måtte nøya seg med å høyra røysta hans der han stod framme i koret ved nokre få blafrande stearinlys.
Så vart eitt etter eitt av speidarane sine lys tende, der dei stod oppstilt langs veggen. Dei kom inn i rekkjer og stilte seg opp i koret. Omlag 35 i talet. Dei mange lysa gjorde at vi kunne sjå litt meir.
Konfirmantane deltok også, med bibellesing og tenning av lys i ljosgloben og dei to adventlysa. Presten tala om lyset – og om kor ei stråle kan gjera det godt for eit menneske.
Salmesongen kom like sterkt sjølv om lyset var av. Det må ha vore minst hundre i benkene. Dei følgde tonane til orgelet der Arne Tveit hadde sessa seg ikledd speidardrakta. Den einaste som hadde lys var han. Og han er ein meister med å få vakre tonar ut av kyrkjeorgelet vårt.
Vi har ei flott kyrkje. Måtte det bli mange flotte samvêre i kyrkja vår i åra som kjem. Takk til alle som gjorde sitt til at denne tradisjonen med lysmesse kunne gjennomførast også i år.
Me gjekk rikare heim.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar