Flott kyrkjekonsert i Vikebygd
Vi er stolte i Vikebygd over å ha så mange dyktige musikkarar, mange av dei bur her. Nokre er vide kjende med musikken sin. Laurdagen fekk bortimot 200 vaksne, born og undommar oppleva desse i den vakre kyrkja vår.
Leiaren i soknerådet, Britt Nelly Ness Tveit, fekk æra av å ynskja bygdefolket velkomne til konserten og takka spesielt Ingid Sørvåg som hadde teke initiativet. Ho kunne etter velkomstorda overlata ord og tonar dei lokale musikkarane.
-Det kom 106 betalande over 18 år + mange born og ungdom, fortalde initiativtakar Ingrid Mathilde Sørvåg.
-Tel ein også med deltakarane så var det nok bortimot 200 totalt i kyrkja.
Det er ikkje vanskeleg å få folk ut når det er bygda sine eigne som stiller opp. Vi rettar ein stor takk både til dei som delte tonar og songar med oss og dei som organiserte det praktiske med denne kyrkjekonserten.
Applausen etter kvart innslag sa sitt om at dette vart sett pris på. Takk!
Det starta med:
«Nå er den hellige time – vi står i stjerneskinn
og hører klokkene kime – nå ringes julen inn.
Englene synger høyt i kor,
synger om fred på vår jord.
Verden var aldri helt forlatt,
en stjerne skinner i natt.»
– og enda med ståande allsang på: «Deilig er jorden.»
Julekonsert i desember er blitt ein tradisjon som mange set pris på, overskotet frå konserten i år går til Kirkens Bymisjon Haugalandet, som kan gleda dei som ikkje gler seg til jul. Konserten hadde mange utøvarar frå Vikebygd. Anten er dei fødde i bygda vår, eller så bur dei i bygda vår. Begge deler er kjekt!
Desse var med:
Tina Larsen og Caroline Bjørnevik (piano), Vennekoret (Born og ungdom leia av Lene og Lina), Dan Bergman, Sunniva Tveit Gregersen, Iselin Eidhammar Tveit, Arne Tveit (piano), Sandra Bjørnseth Sælemyr, Cathrine Hamre Tindeland, Vegard Skartland, Tom Roger Aadland, Tonje Bjerga (song og piano), Lene Bjerga (song og gitar), Jone Bjerga (song og gitar) og Lina Fisk Eide.
I tillegg til høg kvalitet på framføringane var det leigd inn profesjonell lyd og lys som forsterka inntrykket. Even Larsen styrte lys og Oddbjørn Mangrud var leigd inn for å tilrettelegge og styre profesjonell lyd under konserten.
Nye kommentarar