Høgtideleg overrekking av bygdebøkene for Vikebygd
Endeleg var dagen der då vi kunne stå der med bygdebøkene: «Heimar og folk i Vikebygd» i hendene. Det har vore ei venting i gjennom mange år. Nå gler me oss til å lesa. Litt her og litt der. Om folk, historiane, gardane og grendene.
Heimar og folk i Vikebygd
«Heimar og folk i Vikebygd» er ei nyskriven busetnadssoge i to band. Busetnadssoga tel over 1200 sider, og fortel om folket som har budd i Vikebygd heilt frå gamal tid og fram til notida. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassane. Det er lagt stor vekt på få fram einskildmenneska som har budd i bygda.
Det første bandet dekkjer Midtbygda, gardsnummer 324–333. I tillegg er soga om kyrkjene i bygda tatt med i dette bandet. Det andre bandet dekkjer grendene Nordabygda (gardsnummer 319–323), Sørabygda (gardsnummer 334–338) og Bjordal (gardsnummer 339–340).
Lanseringsarrangementet
Per Ivar Tautra er den tredje av forfattarane. Han er ikkje tilsett på universitetet, men har assistert Østrem med bygdebøkene for Skjold og Ølen tidlegare, og har stor interesse i å leita fram historier og slekter. Sjølv om han i dag bur i Fana, så har han sine røter frå Vikebygd og Bjoa (der mora er ifrå, fortalde han). Tautra vart invitert med i arbeidet med bygdebøkene for Vikebygd og fekk ros for det store engasjementet og innsatsen han har lagt ned. Han har stått for kontakten med vikebuar som kunne bidra med meir informasjon.
Tautra var spesielt oppteken av dei mange husmannsplassane, men har vore svært aktiv i kontakt med lokalpersonar i bygda for å få informasjon og bilete som kunne nyttast i desse bøkene. For dei velståande og jordeigarane så er det mykje tilgjengeleg informasjon. Mindre for dei fattige og særleg om dei ikkje deltok i kyrkjelege handlingar (som dåp og konfirmasjon) eller ikkje var til stades der då det var folketeljingar. Då vart dei ikkje fanga opp.
Dei 70-80 vikebuane som hadde samla seg i Litlesalen på Bygdahuset fekk ein interessant kveld og kan gleda seg til å finna ut meir om slektene, bygda og historiane når dei nå kunne ta med seg settet med bygdebøker heim under armen.
Lokal bygdeboknemnd
Det vanka også stor ros til dei som utgjer bygdebokutvalet: Signe Alice Birkeland, Ingrid Mathilde Sørvåg, Ingvald Svendsbø og Knut Arne Skartland (som dessverre døydde før bøkene kom på trykke). Dei har også vore sentrale i å få marknadsført og selt bygdebøkene på vegne av laget Vikebuen. Laget har fått 100 kroner pr sett som dei har seld. Det er framleis mogeleg å kontakta dei for å få kjøpa seg bygdebøker. Det kan gjerast gjennom internett.
Tida har gått frå starten i kommunestyret
Det er gått ein god del år sidan saka kom opp i kommunestyret. Ei sak om nokre bygdebøker som skulle gjerast ferdig i kommunen. Men to av bygdene mangla i framlegget. Ei av desse var nettopp Vikebygd. Underteikna tok ordet og påpeika dette og vedtaket fekk med seg at alle bygdene som ikkje hadde bygdebok, skulle få dette på plass. Men pengar var det mindre av der og då. Likevel kom eit førebuande planarbeid i gong – noko som enda med at ein valde universitetet i Stavanger til å gjennomføra prosjektet. Kvalitet var eit av argumenta ein vektla, men prosjektet kosta.
Trykke-kostnader var ikkje ein del av finansieringa. Bøkene ville vera klare til trykking i 2018, men penger var det ikkje i det vedtekne budsjettet for det året. Politikarane leita etter ei løysing, for ein ville gjerne ha bøkene klar før jul. Uventa auke i skatteinngongen på våren gjorde at kommunestyret sat med ei sak om korleis desse ekstra midlane skulle disponerast. Varaordføraren bad om at ein i det minste burde garantera for trykkekostnaden, slik at bøkene kunne koma ut til jul, men rådmannen innstilte på 2019. KrF sette då fram forslag om å finansiere trykkerikostnadane alt i 2018 med ekstra løyving frå fond, med fylgjande framlegg, først i Utval for Drift, Utvikling og Kultur, og deretter i Formannskapet. Dette vart samrøystes vedteke også i kommunestyret:
«06.06.2018 Formannskapet
Varaordførar Steinar Skartland sette for Krf fram DUK sin uttale:
1. Vindafjord kommune vedtek å innvilga inntil kr. 500 000,- frå ubunde driftsfond til trykking og sal av bygdebok for Vikebygd i 2018.
2. Vindafjord kommune gir garanti inntil kr. 1 000 000,- i samband med trykking og sal av bygdebøkene Sandeid og Vikedal i 2019/20.
3. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne avtale med trykkeriet basert på premissene i saka, og signere denne snarast etter vedtak i kommunestyret.»
Både formannskapet og kommunestyret kvitterte med samrøystes vedtak. Og trykkeriet kunne få klarsignal om å setja i gong sitt arbeid sommar og haust i 2018. Dei to neste bygdebøkene kjem truleg i 2019 og i 2020.
Og nå kjem bøkene kanskje under juletreet også i fleire heimar. Kontakt Signe Alise eller Ingrid om du synes det er ein god ide, eller på websida:
Nye kommentarar